NRK Meny
Normal

Vil nekte Breivik PC på cella

Leiaren av den nasjonale støttegruppa etter 22. juli vil nekte Anders Behring Breivik å spreie sitt bodskap frå fengselet. No vil han nekte Breivik å bruke PC.

 Trond Henry Blattmann

PC-NEKT: Trond Blattmann vil nekte Anders Behring Breivik pc på cella i Skien fengsel. (Arkivfoto)

Foto: NRK

– Bodskapen Breivik sel, handlar berre om å ta liv av menneske. Det bodskapet må han ikkje få lov til å spreie, seier Trond Blattmann til Fædrelandsvennen.

Karl Hillesland, fungerende fengselsleder

KONTROLL: Fungerande fengselsleiar i Skien fengsel, Karl Hillesland, seier at alle breva til og frå Behring Breivik blir kontrollert. (Arkivfoto)

Foto: Lars Tore Endresen / NRK
Forsvarer Geir Lippestad

KRITISK: Forsvarar Geir Lippestad er klar på at han meiner at Behring Breivik må få lov til å skrive og motta brev i fengselet.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Behring Breivik er for tida den einaste i landet som sonar under sikkerheitsforholdet «særleg høg sikkerheit».

Han kan likevel sende og motta brev, og har brukt mykje tid i fengselet til å skrive brev til høgreekstreme støttespelarar.

– Ta ifrå han pcen

– Så vidt meg bekjent er han ein av få norske fangar som har fått pc på cella. Den må dei ta frå han. Han får skrive brev som alle andre utan PC, seier Blattmann til avisa.

Breivik forhandla til seg ein pc på cella allereie på kvelden 22. juli, i byte mot informasjon til politiet. Etter dommen, som kjem 24. august, er det fengselet som avgjer om han får halde fram med å bruke data.

I førre veke avslørte VG at den terrortiltalte har motteke 600 sidan brev- og besøksforbodet vart oppheva. No er han flytta frå Ila fengsel på grunn av ombyggjing, til Skien fengsel.

Kontrollerer alle brev

– Alle brev blir kontrollert til og frå Anders Behring Breivik, seier Karl Hillesland, fungerande fengselsleiar i Skien fengsel til NRK.no.

– På den eine sida har Breivik, som oss andre, grunnlovsfesta rett til ytringsfridom. På den andre sida er det vår straffegjennomføringslov nokre reglar som tilseier at vi kan stoppe nokre brev for utlevering til eller frå den innsette, seier han.

I eit intervju med Søndagsavisa forsvarte forsvarar Geir Lippestad brevskrivinga til klienten.

– Han får den straffa han skal ha og sit der han skal. Han sit fullstendig isolert på ei lita celle. Vi veit kor farleg det er med isolasjonsskader og kor dårleg menneske kan bli i ein slik situasjon. Skal vi då gjere det vi kan for å gjere han dårlegare, spurte Lippestad.

– Må få bruke PC

Forsvarar Vibeke Hein Bæra meiner det vil stri mo Den europeiske menneskerettskonvensjonen sine bestemmelsar om tortur, dersom Kriminalomsorgen ikkje aktiviserer Breivik.

– Status er at han brukar pc som skriveverkty, og vi legg til grunn av han framleis får gjere det, og så etter rettskraftig dom, seier ho til VG.

Ifølgje Fædrelandsvennen har Justisdepartementet stoppa brev til Behring Breivik på grunn av straffbart innhald. Avisa skriv også at departementet har skjerpa reglane for kva som vert godteke.