Vil gjere det lettare for overvintring i båt

Kristiansand kommune vil gjere det lettare for folk som vil bu i båten sin om vinteren. No vil dei gi tilgang til vatn, straum og sanitæranlegg.

Det kan bli lettere å overvintre i båt i Kristiansand. Kommunen vil forbedre forholdene slik at de som overvintrer får tilgang til vann, strøm og sanitæranlegg.

VIDEO: Kristiansand kommune vil legge forholda til rette slik at det skal bli enklare å bu i båt året rundt.

– Vi har kjøken, stove, ekstra soverom, hovudsoverom, bad og bod. Så har vi plass til åtte personar på uteplassen bak og på soldekk framme. Alt dette på 15–20 kvadrat, seier Lars Verket som bur i båten sin i småbåthamna i Kristiansand.

Per-Christian Nygård

Per-Christian Nygård

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Fleire og fleire vel å bu i båt. Det er billeg og gir ei buoppleving totalt forskjellig frå bustader som ligg på land.

– Berre det å komme ut om morgonen. Det er bra det, seier Verket.

Kristiansand heng etter

I byar som til dømes Grimstad og Arendal er hamnene godt tilrettelagt. I Bergen og Oslo er det over 100 som overvintrar.

No vil også Kristiansand gjere det enklare for dei som vil å bu i båten sin året rundt.

– Kristiansand kommune som hamneby bør leggje til rette for at folk skal kunne bu i båt om dei ynskjer det, seier Per-Christian Nygård, som er leiar av Småbåthavnkontoret i Kristiansand.

Kommunen vil no setje i verk fleire tiltak for at det skal bli mogleg å bu i båt heile året.

– Vi vil etablere fleire straumuttak på den yttarste moloen og vi vil leggje til rette for å halde sanitæranlegget oppe heile året, seier Nygård.

Lars Verket

Lars Verket viser fram båten sin som mellom anna inneheld to soverom, stove, bod og toalett.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Med naturen tett på

Dette kling bra i øyra til Lars Verket, som altså allereie bur i båten sin.

– Med litt betre organisering av straum, vatn og toalett kunne du ha hatt ganske mange buande her. På Aker Brygge er det jo 160. Det er utruleg sentrumsnært og du har naturen tett på, seier han.

– Ser du føre deg eit lite lokalsamfunn her i hamna?

– Ja, det hadde vore utruleg koseleg, seier han.