Hopp til innhold

Start-duo frå Molde vil lage trøbbel for Skullerud

Start-spelarane Andreas Hollingen og Ole Martin Rindarøy er på utlån frå Molde denne sesongen. Søndag kveld vil dei gjere livet surt for moldensarane.

Startvansker

Ole Martin Rindarøy går for tre poeng mot Molde. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det blir veldig spesielt å møte Molde. Eg har jo vore i klubben nesten heile livet, seier Rindarøy til NRK.

Andreas Hollingen

Andreas Hollingen.

Foto: Arne Flatin / NRK
Start slo Tromsø i førre seriekamp.

tart slo Tromsø i førre seriekamp.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Eg gler meg veldig. Det kjem til å bli artig, men og litt spesielt, seier Hollingen.

Vestlendingane har gått rett inn i startoppstillinga til Mons Ivar Mjelde. Dei angrar ikkje på at dei heiv seg på flyet då Start viste interesse.

– Eg hadde nok neppe fått noko særleg med speletid i Molde. I Start har eg fått seks kampar allereie. Det har vore veldig positivt, seier Hollingen.

Har vunne to av dei fire siste

På papiret skal Molde vere eit langt betre lag enn Start, og må finne seg i å vere soleklare favorittar.

Dei er regjerande seriemeister, og har truleg brei nok stall til å stille to lag som kan hevde seg i eliteserien.

Men Start har faktisk vunne to av dei fire siste kampane mot Molde på Aker stadion. Det gjer håp om poeng søndag kveld.

– Det er alltid gode moglegheiter. Kjem vi opp på toppnivået vårt kan det bli ein jamn kamp, seire Rindarøy, som kan komme til å møte bror sin Knut Olav i søndagens kamp.

– Det blir veldig artig. Vi har spelt mykje saman, så vi kjenner kvarandre naturleg nok godt som fotballspelarar, seier han.

I over 20 år har mor Start sørget for at spillerne holder seg varme på beina. Fire nye Start-spillere har fått det egentlige beviset for at de er fullverdige spillere.

VIDEO: Dei to Molde-spelarane fekk utdelt sokkar i gult og svart før sesongstart.

Cupfiasko motiverer

Kampen i Molde er den første etter cupfadesen mot Vindbjart tidlegare denne veka. Start vart rundtspelt og audmjuka då dei tapte 0-4 mot 2. divisjonsklubben.

– Vi skal prøve å bruke det som motivasjon til å gjere det bra, seier Hollingen.

– Vi er veldig revansjesugne etter cupbomba, seier Rindarøy.

Molde tapte sin førre seriekamp borte mot Viking. Start slo Tromsø på heimebane i sin siste kamp i eliteserien.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %