Hopp til innhold

Vil la kommunar stoppe samanslåing

Arbeiderpartiet i Vest-Agder vil la kommunane få vetorett slik at dei kan stoppe ei kommunesamanslåing dersom dei ikkje ynskjer samanslåing.

Bjørn Egeli

Fylkesleiar i Vest-Agder Arbeiderparti Bjørn Egeli.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det bestemte representantskapet i Vest-Agder Arbeiderparti laurdag. Dei vil no sende inn forslaget til landsmøtet i Arbeiderpartiet, som vert halde i april.

– Forslaget går ut på at ei kommunesamanslåing skal baserast på full frivillegheit. Dersom ein kommune ikkje vil vere med på ei samanslåing, så skal heller ikkje Stortinget kunne overprøve ein slik lokal prosess, seier fylkesleiar i Vest-Agder Ap, Bjørn Egeli til NRK.

– Tvang har skapt sår tidlegare

Ifølgje Egeli var det eit klart fleirtal i representantskapet som bestemte å sende forslaget til landsmøtet i partiet.

Representantskapet meiner også at ei folkeavstemming om kommunesamanslåing må vere bindande.

– Vi har mellom anna sett på lokale prosessar tilbake på 60-talet. Nokre stader er det framleis sår etter tvangssamanslåingar, hevdar han.

– Blir det mange samanslåingar dersom det blir slik?

Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det vil jo vise seg. Så er det jo eit spørsål om ei samanslåing bestandig er til det gode, seier Egeli.

– Ingen skal kunne stoppe ei samanslåing

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har tidlegare uttalt at enkeltkommunar ikkje skal kunne stoppe ei samanslåing.

– Det er eit viktig utgangspunkt for reformen at den skal bygge på frivilligheit. Men vi har også sagt at ingen enkeltkommunar skal kunne stoppe ei kommunesamanslåing der det er ynskjeleg at fleire kommunar går saman, sa Sanner i mai.

Det er nettopp dette Vest-Agder Arbeiderparti ikkje vil gå med på. Difor håpar dei no på støtte på landsmøtet til Arbeiderpartiet.

– Forslaget vårt går ut på at samanslåingar skal baserast på full frivillegheit, seier Egeli.

Størst motstand i små kommunar

I løpet av hausten skal alle dei 428 kommunane i landet avklare om det er aktuelt å slå seg saman med nabokommunar.

Ei meiningsmåling som vart lagt fram i september viste at 52 prosent av innbyggjarane er positive til kommunesamanslåingar.

Undersøkinga viste også at motstanden er størst i dei minste kommunane.

Våren 2017 skal regjeringa etter planen legge fram ein samla proposisjon til Stortinget om ein ny kommunestruktur. Den tek sikte på at samanslåingane skal vere sett i verk seinast 1. januar 2010.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %