Hopp til innhold

Vil innføre pant på eingangsgrill

Vidar Kleppe frå Demokratene er lei av brukte eingangsgrillar som sleng rundt. Han føresler at Vest-Agder blir første fylke i Norge til å innføre ei panteordning på eingangsgrillane.

Engangsgrill

PANT: Leiar i Demokratene, Vidar Kleppe, er lei av brukte eingangsgrillar som sleng i naturen. Han føresler no å innføre ei panteordning. (Arkivfoto)

Foto: NRK

Vidar Kleppe

Vidar Kleppe

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg tykkjer at Sørlandet må vere kreative og gjere konkrete tiltak for miljøet, seier Vidar Kleppe til NRK.no.

Han har blant anna sendt brev til fylkesordførar i Vest-Agder Thore Westermoen der han ber om innføring av ei slik panteordning.

Miljøavgift

– Det er jo hundre tusenvis av eingangsgrillar i løpet av sommaren. Dersom ein innfører ei panteordning trur eg at vi kan gjere ein god innsats for miljøet, seier han.

Han meiner at ei miljøavgift på eingangsgrillane må vere minst på minst 10 kroner.

– Det vert jo med ein gang ein del av debatten, men eg trur at det må bli 10 kroner eller meir, for at folk skal samle inn eingangsgrillane og levere dei, seier Kleppe.

Han er lut lei av å sjå brukte eingangsgrillar flyte rundt på strender og andre stader.

– Miljøsvin

– Miljøsvina som går frå grillane forsøplar miljøet og øydelegg den flotte naturen, seier han.

– Difor meiner eg det er viktig at nokon tek initiativ til å innføre ei slik panteordning, seier Kleppe.

I 2004 foreslo Oslo kommune å innføre pant på eingangsgrillar, men Miljøverndepartementet gav tommelen ned. Årsaka var at dei meinte at ei slik ordning ville bli for dyr.

KVA MEINER DU? Bør det innførast ein panteordning på eingangsgrillar?

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %