Hopp til innhold

Vil ikkje seie noko om årsak til dødsbrann

Krimteknikarar frå politiet har måndag undersøkt leilegheita som brann i Lillesand laurdag morgon.

Brann Lillesand

Brannvesenet vart varsla om brannen ved 8-tida laurdag morgon.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Førebels vil ikkje politiet seie noko om brannårsaka.

Samstundes stadfestar politiet at krimteknikarane har skrive ein rapport etter undersøkingane.

– Eg har ikkje fått snakka detaljert med åstadsgranskarane som var der. Vi må komme tilbake til dette, seier lensmann i Lillesand, Kjetil Nygaard til NRK.

Fleire fagfolk har undersøkt åstaden måndag. Dei skal tysdag gå gjennom sine funn og opplysningar for å sjå om dei kjem ut med same konklusjon. Først etter det vil politiet offentleggjere brannårsaka.

Kvinne (38) omkom

Vakthavande jurist i Agder-politiet stadfestar overfor NRK at krimteknikarane har konkludert, men vil førebels ikkje seie om dei veit kva som starta brannen.

Brannvesenet fekk melding om brannen ved 8-tida laurdag morgon. Tre kvarter seinare stadfesta politiet at ei 38 år gammal kvinne var omkomme.

Ein mann (51) vart i tillegg send til sjukehuset i Kristiansand. Ifølgje politiet skal mannen ha hoppa ut av eit vindauge for å komme seg ut av leilegheita som stod i brann.

Naboar varsla om brannen

Naboar skal ha høyrt glas knuse då han hoppa ut, og varsla ifrå om brannen.

Mannen er no utskriven frå sjukehus. Han har forklart i avhøyr at han vakna av varme og røyk.

Det er gjort fleire vitneavhøyr i samband med brannen. Men ifølgje lensmannen har det ikkje komme fram nye opplysningar, som kan seie noko om brannårsaka, i desse avhøyra.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
På innsiden av Kunstsiloen 01:06
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,91 kr
Dyrest kl. 16 4,46 kr

Strømkostnader nå

Med strømstøtte

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Okt 2022 – okt 2023
    + 8,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %