NRK Meny
Normal

Vil ikkje flytte havna ut av byen

Terminalen for danskeferjene og konteinarhamna i Kristiansand bør bli der dei er. Det er konklusjonen i ein rapport frå konsulentselskapet Sitma, som vert presentert for politikarane i byen.

Ferjehavna i Kristiansand

KONKLUSJON: Ein ny rapport slår fast at ferje- og konteinerhavna bør liggje der den ligg i dag i Kristiansand.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Halvard Aglen

Halvard Aglen

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Det å ha ferjeterminalen der den er i dag er ei god løysing fordi vi har god kapasitet der. Ferja høyrer heime i den samanhengen vi har den i no, seier hamnedirektør Halvard Aglen til NRK.no

– Det er bynært og i samanheng med buss og jernbane, som er viktig. I tillegg er det investert veldig mykje pengar i den løysinga som er der no, seier Aglen.

– Tilstrekkeleg kapasitet

Konteinarhamna som er planlagt Xstrata/KMV-området blir for lita og er dermed ikkje lønsam. I første omgang skal difor konteinarane bli i sentrum av byen, like ved fiskebrygga.

Her er det plass til å auke volumet kraftig, ved å ta i bruk Lagmannsholmen. Men etter kvart er det ikkje plass til konteinarar, og då må den flyttast, truleg til Vige-området like ved Varoddbrua.

– Med noko arealeffektivisering har Lagmannsholmen/Caledonien tilstrekkeleg kapasitet i 30 år til, dersom ikkje noko dramatisk skjer, seier Geir Berg i konsulentfirmaet Sitma.

Trur ikkje på stor vekst

Konsulenten trur ikkje på ein kjempevekst i aktivitet i hamna, slik ein tidlegare har trudd skulle komme.

– Dei klyva med ein kjempevekst trur vi ikkje på. Føresetnadene er ikkje tilstades, seier han.

Han trur også at hamna i Kristiansand i stor grad vert ei regional hamn for Agder.

Ei ny konteinarhamn ved KMV vil koste opp mot 2 milliardar kroner, kom det fram i rapporten.

– Hamna si løysing handterer dagens behov for konteinarhandtering, også i eit mellomlangt løp, seier Aglen.

Geir Berg, Sitma

RAPPORT: Geir Berg frå konsulentfirmaet Sitma orienterte politikarane i Kristiansand onsdag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK