NRK Meny
Normal

Vil halde fram som ordførar

Lillesand-ordførar Arne Thomassen har sagt ja til å stille som toppkandidat for Høgre før kommunevalet neste år.

Arne Thomassen

Arne Thomassen blir Høgre sin toppkandidat i kommunevalet neste haust.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Eg har hatt gleda av å jobbe som ordførar i elleve år og har hatt stor glede av jobben min og fått vere med på ei utruleg reise for Lillesand og for landsdelen, seier Thomassen i ei pressemelding.

– Eg trivst svært godt i jobben og har stor interesse av alle områda innan kommunesektoren, seier han.

I førre veke fortalde NRK at Thomassen har sagt endeleg nei til å halde fram i fylkespolitikken. Det betyr at han ikkje vil vere med å kampen om fylkesordførarklubba.

Samstundes fortalde han at han var usikker på framtida som ordførar.

– Det gode samarbeidet internt i Høgre og dyktige tilsette i kommunen samt eit godt samarbeid i bystyret har vore viktig i mitt val. Støtta frå innbyggjarane har vore det viktigaste, seier han.

– Det er ekstra inspirerande å vere ordførar når partiet er i regjering. Eg gler meg til haustens nominasjon og vil jobbe hardt for å bli ordførar i 2015, seier Thomassen.

Han peikar på følgjande felt han er spesielt oppteken av i tida framover:

  • Realisering av kommunen sine næringsområde
  • Kommunestruktur
  • Fengsel til landsdelen
  • Nytt sjukehus
  • Dovreplanen
  • Skulestruktur
  • Kommuneøkonomi