Vil ha vekk piggtrådgjerde rundt museum

Demokratenes Vidar Kleppe vil fjerne piggtrågjerde rundt to tun med gamle bygningar på Vest-Agder-museet i Kristiansand.

Innegjerda Vest-Agder-muse

To tun på Vest-Agder-museet i Kristiansand er innegjerda.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Eg tykkjer at fylkesmuseet må vere tilgjengeleg for både turistar og folk som nyttar området som turområde. Ikkje minst kan det bidra til å få opp besøkstalet, seier bystyrepolitikaren frå Demokratene til NRK.

Vidar Kleppe i fylket

Vidar Kleppe.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Åpningstider Vest-Agder-museet

Området er ope mellom 9 og 15 på kvardagar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Kleppe ber no fylkesordføraren i Vest-Agder om å jobbe for å få gjerdet fjerna.

Positiv muesumsdirektør

– Eg har forståing for at bygningane er verdfulle og at vi må passe på dei. Men at bygningane er tilgjengelege er viktigare. Vakter kan vere eit alternativ for å sikre tryggleiken, seier han.

Det er Setesdalstunet og Vest-Agder-tunet som er gjerda inne på museumsområdet.

Ifølgje museumsdirektør John Olsen har desse tuna vore innegjerda sidan bygga vart flytta dit på 50-talet.

Direktøren er positiv til forslaget frå Kleppe om å opne opp området. Han fortel at museet har søkt om pengar til å gjennomføre ei risiko- og sårbarheitsanalyse.

Ny teknologi

– Då vil det vere natuleg å vurdere slike ting. Ny teknologi og andre ting kan kanskje ivareta sikkerheita. Vi må komme tilbake til dette når ei analyse er klar, seier Olsen.

Dei to tuna er opne innan vanleg arbeidstid. Tidlegare har ein forsøkt å halde ope søndagar.

– Det viste seg at det ikkje var veldig mykje folk som nytta området til å gå tur. Men vi er opptekne av at museet skal vere mest mogleg ope for publikum, seier direktøren.

Vest-Agder-museet, Kristiansand

Det er ei rekkje gamle bygningar på Vest-Agder-museet i Kristiansand.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK