Hopp til innhold

Vil ha Valle-prest frifunne

Forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen meiner Valle-presten framtår som truverdig.

Sveinung Søndervik Johnsen og Arne Skare

PROSEDYRER: Forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen (t.v) meiner Valle-presten, bør frifinnast.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Aktor la ned påstand om 30 dagars ubetinga fengsel i si prosedyre i dag. Han meiner at Valle-presten Arne Skare lyg og at han sjølv står bak trugslane mot seg sjølv, han har meldt til politiet.

– Kva er det fellande beviset i denne saka. Det er ingenting i denne saka som viser at Skare har gjort dette sjølv. Eg kan ikkje sjå indisier eller klare fellande bevis i denne saka, sa forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen i retten.

MEIR OM SAKA:
Valle-presten på ulykkesstaden
Prest hevdar prest ville ta han
Lensmann: - Ulykka verka merkeleg
Forsvarar: - Katastrofe for presten
- Angrar på at eg var så eplekjekk
Valle-prest hadde våpen i kofferten

Tekniske bevis

– Det fins ingen tekniske bevis som seier at Skare er gjerningsmann. Det fins ingen vitne, som seier at Skare er gjerningsmann, sa advokaten.

Han var oppteken av at Skare framstår som truverdig då han etterkvart i nye avhøyr stadig kom med nye opplysningar i saka.

– Vi ventar nærast at alle opplysningar skal komme i første avhøyr. Han lanserte mange idear til kven som kunne stå bak. Skare var desperat etter å finne ei løysing på saka, sidan politiet ikkje klarte det. Han var fortvila og redd, sa han.

Sveinung Søndervik Johnsen og Arne Skare

FRIFINNIN: Advokat Sveinung Søndervik Johnsen vil ha Valle-presten frifunnen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sette i verk tiltak

– Skare sørga for å lyse opp heile prestegarden, køyrde barna til skulen, flytta postkassa. Han sette i verk mange tiltak fordi han følte seg utrygg, sa Søndervik Johnsen.

Aktor meiner at presten sjølv kappa av fleire bremseslangar, som førte til at han køyrde av vegen. Politiet har tidlegare forklart at dei opplevde ulukka som merkeleg.

– På ulykkesstaden hadde han ein unormal oppførsel. Han leita etter yngstesonen, som ikkje var med i bilen. Legeerklæringa viser at han pådrog seg ein hjernerystelse i ulykka. Har han lurt medisinsk kyndige trill rundt? Vi kan ikkje seie det. Då må ein komme med noko som kan bevise det, seier han.

– Motivet for at Skare sjølv står bak desse tinga fins overhodet ikkje, sa han.

– Den einaste som veit kva som har skjedd i denne saka. Men skal retten gå imot Skare å seie at det er løgn. Då må de vere hundre prosent sikre på at han lyg, og de må bevise det, sa han under si prosedyre i dag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %