NRK Meny
Normal

Politimeisteren vil ha to nye fengsel på Agder

Politimeister Kirsten Lindeberg støttar ein rapport som anbefaler å byggje to nye fengsel på Agder. Lindeberg vil ha dei nye fengsla nær Arendal og Kristiansand.

Kirsten Lindeberg

Kirsten Lindeberg vil ha to nye fengsel på Sørlandet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Eg tykkjer ikkje det er grunnlag for å greie ut fengselsbehovet på Agder noko meir. Dette har politiet saman med kommunar og kriminalomsorga vore med på å greie ut sidan slutten av 90-talet, seier Lindeberg i ei pressemelding.

Politimeisteren understrekar mellom anna at behovet for fleire varetekts- og soningsplassar på Agder er blitt meir og meir prekært dei siste åra.

Vil ha plass til 150

I ein rapport som vart lagt fram i 2013, på bestilling av Justisdepartementet og Finansdepartementet, kom det fram at det er samfunnsøkonomisk lønnsamt å leggje ned dei gamle fengsla og byggje nytt.

– Agder politidistrikt handterer mykje ulovleg og omfattande kriminalitet. Som følgje av globaliseringa har vi fått eit stadig større innslag av kriminelle utlendingar som har forsterka presset på tilgjengelege varetekts- og soningsplassar, seier Lindeberg.

I pressemeldinga går det fram at Lindeberg vil ha to nye fengsel med plass til kring 150 personar.

I rapporten gjekk det også fram at dei eksisterande fengsla i Arendal og Kristiansand bør fasast ut raskast mogleg.

– Bør liggje nær Arendal og Kristiansand

– Eitt av dei viktigaste argumenta for å byggje to fengsel er at ein då får til betre rehabilitering av innsette, seier politimeisteren.

Det har vore stor debatt kring kvar eit nytt fengsel bør byggjast på Agder. I rapporten som vart lagt fram i fjor gjekk det fram at nye fengsel bør liggje nær Arendal og Kristiansand.

– Begge to bør bli ved transportåra E18 og E39, og liggje maksimalt med 20 minutt køyreavstand til politistasjonen i Arendal og Kristiansand. Denne anbefalinga stiller eg meg bak, seier ho.