– Vi vender oss til våre eigarar. Det er kommunen og fylkeskommunen, seier styreleiar i Agder Kollektivtrafikk (AKT), Solveig Løhaugen til NRK.
– Så er spørsmålet om der er politisk vilje til å komme med eit eige tilskot til å betre kollektivtilbodet til befolkninga på Randøyene, seier ho.
AKT har føreslått å kutte alle ruter frå Kongshavn i Randesund til Østre og Vestre Randøy. Berre den lovpålagde skuleskyssen morgon og kveld vert verande.
Bakgrunnen er at prisen på transporten har blitt nesten tredobla frå førre anbodsrunde.
Fleire av dei rundt 60 fastbuande på Randøyene har signalisert at dei må flytte dersom ruta vert lagt ned.