Det var under ein tale i nominasjonsmøtet til Vest-Agder Frp, der han vart vald til førstekandidat ved neste stortingsval, at Saudland drog fram forslaget.
Gisle Meininger Saudland jublar for topplassen i Vest-Agder Frp.
Foto: Svein Sundsdal/NRK– Eg vil skape eit industrieventyr på Sørlandet, slik som i Stavanger. Det unner eg verkeleg Vest-Agder og Sørlandet. Spesielt no i desse tider, der vi slit litt på Sørlandet, seier Saudland til NRK.
Sa nei i 2013
Oljeboring i Skagerrak har vore diskutert fleire gonger. I 2013 sa regjeringa nei til oljeboring.
Dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell grunna dette med at det er eit sårbart område med betydelege miljøverdiar nær land.
I september i år skreiv VG at olje- og energiminister Tord Lien la opp til at oljeselskapa kunne søke om oljeverksemd også i Skagerrak. Dette vart seinare trekt tilbake, fordi området er unnateke frå oljeverksemd.
– Eg har lyst til å ha leiteboring i Skagerrak. Det har jo vore det litt tidlegare, men eg vil halde fram med det. Det er det ein må gjere for å starte eventyret. Det trur eg faktisk vi fortener i staden for å skru krana att, seier Saudland.
– Kva vil du seie til miljøforkjemparane?
– Det er mykje betre å produsere det i Norge enn at det blir produsert andre stader. Det er trass alt dette som skal betale for vår velferd, og det som vil koste i miljøkutt kommande år, seier han.
– Må gjere heimeleksene sine
Truls Gulowsen er leiar i Greenpeace Norge.
Foto: Øyvind Bye Skille / NRKDesse argumenta kjøper ikkje leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.
– Det er jo lenge sidan dette har vore diskutert sist. Førre gong stoppa nabolandet Sverige det. Eg ser ingen grunn til å tru at dette blir noko av, sjølv om Frps toppkandidat i Vest-Agder ynskjer dette, seier Gulowsen.
– Eg trur heller han bør gjere heimleksene sine. Vi er i ein situasjon der verda allereie har funne meir fossilt brensel enn vi kan brenne, inkludert olje. Verda treng ikkje nye oljefelt. Vi treng nye energiløysingar. Der har sørlandsregionen mykje å bidra med, seier han.
Gulowsen kallar utspelet «useriøs retorikk» og grunnar det slik:
– Det er ein indikasjon på desperasjon i enkelte miljø, som rett og slett ikkje klarer å sjå føre seg arbeidsplassar og velferd i Norge, som ikkje er avhengig av opning av nye oljefelt. Det er ein sjukdom vi har i dette landet, seier han.