Hopp til innhold

Vil ha oljeboring i Skagerrak: – Vil skape eit industrieventyr

Toppkandidaten til Frp i Vest-Agder vil opne for oljeboring i Skagerrak. – Det unner eg verkeleg Vest-Agder og Sørlandet, seier Gisle Meininger Saudland.

Skjærgård

Frps toppkandidat i Vest-Agder vil opne for oljeboring i Skagerrak.

Foto: Hallingstad, Stein / SCANPIX

Det var under ein tale i nominasjonsmøtet til Vest-Agder Frp, der han vart vald til førstekandidat ved neste stortingsval, at Saudland drog fram forslaget.

Gisle Meininger Saudland

Gisle Meininger Saudland jublar for topplassen i Vest-Agder Frp.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Eg vil skape eit industrieventyr på Sørlandet, slik som i Stavanger. Det unner eg verkeleg Vest-Agder og Sørlandet. Spesielt no i desse tider, der vi slit litt på Sørlandet, seier Saudland til NRK.

Sa nei i 2013

Oljeboring i Skagerrak har vore diskutert fleire gonger. I 2013 sa regjeringa nei til oljeboring.

Dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell grunna dette med at det er eit sårbart område med betydelege miljøverdiar nær land.

I september i år skreiv VG at olje- og energiminister Tord Lien la opp til at oljeselskapa kunne søke om oljeverksemd også i Skagerrak. Dette vart seinare trekt tilbake, fordi området er unnateke frå oljeverksemd.

– Eg har lyst til å ha leiteboring i Skagerrak. Det har jo vore det litt tidlegare, men eg vil halde fram med det. Det er det ein må gjere for å starte eventyret. Det trur eg faktisk vi fortener i staden for å skru krana att, seier Saudland.

– Kva vil du seie til miljøforkjemparane?

– Det er mykje betre å produsere det i Norge enn at det blir produsert andre stader. Det er trass alt dette som skal betale for vår velferd, og det som vil koste i miljøkutt kommande år, seier han.

– Må gjere heimeleksene sine

Truls Gulowsen, leder Greenpeace Norge

Truls Gulowsen er leiar i Greenpeace Norge.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Desse argumenta kjøper ikkje leiar i Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

– Det er jo lenge sidan dette har vore diskutert sist. Førre gong stoppa nabolandet Sverige det. Eg ser ingen grunn til å tru at dette blir noko av, sjølv om Frps toppkandidat i Vest-Agder ynskjer dette, seier Gulowsen.

– Eg trur heller han bør gjere heimleksene sine. Vi er i ein situasjon der verda allereie har funne meir fossilt brensel enn vi kan brenne, inkludert olje. Verda treng ikkje nye oljefelt. Vi treng nye energiløysingar. Der har sørlandsregionen mykje å bidra med, seier han.

Gulowsen kallar utspelet «useriøs retorikk» og grunnar det slik:

– Det er ein indikasjon på desperasjon i enkelte miljø, som rett og slett ikkje klarer å sjå føre seg arbeidsplassar og velferd i Norge, som ikkje er avhengig av opning av nye oljefelt. Det er ein sjukdom vi har i dette landet, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %