Hopp til innhold

Vil bygge Norges lengste laksetunnel

Dersom politikarane seier ja kan Lyngdal få Norges lengste laksetunnel. Gjennom eit vindauge skal publikum kunne sjå laksen symje.

Vil bygge laksesenter i Kvåsfossen

Slik er laksesenteret ved Kvåsfossen tenkt å sjå ut.

Foto: Bjørbekk Lindheim Landskapsarkitekter - Lars Eie/NRK

Det er Hægebostad, Lyngdal og Vest-Agder fylkeskommune som vil byggje tunnelen i Kvåsfossen. Tunnelen, eller laksetrappa blir på eit par hundre meter.

Trond Rafoss

Trond Rafoss i prosjektet Sør-Norsk kystnatur.

Foto: Lars Eie/NRK

– Publikum skal kunne gå inn i fjellet, seier Trond Rafoss i prosjektet Sør-Norsk kystnatur til NRK.

Sjå laksen vandre forbi

– I den eine sideveggen til ein av kulpane vil det vere eit tre meter breitt vindauge der du kan gå inn og sjå laksen vandre forbi, seier Rafoss.

Men politikarane i dei to kommunane må seie ja til å gi totalt 3,3 millionar kroner kva i neste veke. Stat og fylke skal spytte inn tilsvarande.

Grunneigarane vil i tillegg til tunnel byggje eit opplevingssenter.

– Det vert planlagt eit opplevingssenter på utsida av fjellet, der du skal kunne sjå Kvåsfossjuvet og dalen nedanfor, seier Rafoss.

12 millionar kroner

Totalt vil tunnelen koste over 12 millionar kroner. Anbodet er allereie ute, men høgare enn venta. Difor må kommunane inn med meir pengar.

– Håpet er at allereie til hausten vil laksen byrje å vandre forbi Kvåsfossen og inn i Hægebostad kommune, seier han.

– Kor unikt er dette prosjektet?

– Det er unikt ved å vere landets lengste fisketrapp i tunnel. Du vil få dobla elvearealet som kan produsere lakseungar. Det er den store gevinsten ein får, seier Rafoss.

– Når ein doblar produksjonen skal dei ut i havet. Så kjem dei tilbake og lagar mange nye moglegheiter for fiskarane. Vi reknar med at fangstane vil gå kraftig opp, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %