Hopp til innhold

Vil ha Gelius inn i fylkeskampen

Ja-sida i Aust-Agder jaktar på ein person som skal fronte ja-folket i debatten rundt samanslåing av Agder-fylka. Det kan bli Einar Gelius.

Einar Gelius og Laila Øygarden

GELIUS: Laila Øygarden lanserte Einar Gelius som mannen som skal fronte ja-sida i fylkessamanslåingdebatten.

Foto: Scanpix/ Sundsdal/NRK

– Er ikkje Einar Gelius ledig, spurte fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden med eit glimt i auget på eit møte i dag.

Skal organisere ja-sida

11 framståande ja-politikarar som er samla for å finne ut korleis dei skal organisere ja-sida i Aust-Agder. Dei er samde om at det skal haldast eit stiftelsesmøte i Arendal 2. februar. Då vert «Folkeaksjon for eitt Agder» stifta.

– Gelius er ledig no, er han ikkje, spurte Øygarden.

Politikarane ynskjer at alle samfunnsgrupper skal vere med i aksjonen, som skal mobilisere ja-folket føre folkeavstemninga i september.

Gelius kjem opprinnleg frå Arendal.

Oddvar Skaiaa

FOLKEAKSJON: Folkeaksjon for eitt Agder vert danna. Ei gruppe framståande politikarar er no samle for å organisere ja-sida i Aust.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Fekk fyken

Det er kun i Aust-Agder det skal haldast folkeavstemming.

I september fekk Einar Gelius beskjed om at han ikkje får halde fram som prest i Vålerenga menighet. Årsaka var blant anna boka «Sex i Bibelen», som Oslo-biskop Ole Christian Kvarme meinte aldri burde ha vore skrive.

Gelius var også inne hos biskopen ei rekkje gonger for si uortodokse tolking av presterolla.

Kven bør fronte ja-sida i samanslåingsdebatten? Sei di meining!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %