NRK Meny
Normal

Treng fleire for å sjekke ungdommar for kjønnssjukdommar

Helsestasjonen i Kristiansand klarer ikkje å ta unna alle ungdommane som vil sjekke seg for kjønnssjukdommar. No vil dei ha fleire på jobb.

Undersøkelsesrom på Olafiaklinikken

Helsestasjonen for ungdom i Kristiansand må ha fleire tilsette for å ta hand om alle ungdommane som vil sjekke seg for seksuelt overførbare sjukdommar.

Foto: Grethe Kielland Jenssen / NRK

Kristin Holen

Kristin Holen

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Det er slikt at det i snitt har rundt 30 stykk på to tilsette i løpet av to og ein halv time. Vi ynskjer å gi eit godt tilbod, seier Kristin Holen som er avdelingsleiar i ungdomshelsetenesta til NRK.no.

– Vi ynskjer å fokusere på litt fastare prevensjon som P-stav og kanskje innsetjing av spiralar. Då treng vi meir personell, seier ho.

NRK.no fortalde tysdag om ungdommar i Norge som er dårlegast i Europa på å bruke kondom.

I ei undersøking som vart gjort i 2011 svarte 52 prosent av dei norske gutane og 49 prosent av jentene at dei har hatt ubeskytta sex med ein ny partnar.

Det stiller Norge på nivå med land som Kina, Kenya og Thailand.

1 av 4

På helsestasjonen for unge vaksne i Kristiansand hadde ein av fire gutar ein seksuelt overførbar sjukdom i fjor.

Blant jentene var talet for tilsvarande kjønnssjukdom ein av åtte.

Sidan tilbodet starta i 2008 har fleire og fleire unge mellom 20 og 24 år oppsøkt helsestasjonen. Det gjer at presset på dei tilsette vert endå større.

– Dette er eit tilbod dei kan få hos oss. Men det er også noko dei kan få ved å oppsøke fastlegen sin. Både det å få prevensjon og det å sjekke seg for seksuelt overførbare sjukdommar, seier Holen.

Vil ha fleire tilsette

Helsestasjon for unge vert gjennomført i eit samarbeid med Samskipnaden ved Universitetet i Agder.

For at helsestasjonen skal klare å dekke etterspurnaden etterlyser dei no fleire tilsette.

– Vi treng å vere tre på jobb, slik at vi kan dekkje etterspurnaden, seier ho.