Hopp til innhold

Vil ha fleire kvinnelege prestar

I framtida skal kvinner oppfordrast til å søke alle ledige prestestillingar i Agder Telemark utan unntak.

Kvinnelig prest

KVINNELIGE PRESTER: Bispedømmerådet i Agder og Telemark vil ha flere kvinnelige prester.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Jan Olav Olsen

LEIAR: Jan Olav Olsen vil ha fleire kvinnelege prestar.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Berit Bjørnerud

POSITIV: Berit Bjørnerud er glad for at bispedømmerådet vil ha fleire kvinnelege prestar.

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Men bispedømmerådet vart sett på prøve. Eit sokn på Sørlandet, som skulle lyse ut ei prestestilling, ville droppe oppfordringa til kvinner i utlysingsteksten. Årsaka er at dei allereie har ein kvinneleg prest.

Dermed kunne soknet enda opp med to kvinnelege prestar.

– Kan ikkje skade

I bispedømmerådet vart det eit knapt fleirtal for å halde på oppfordringa. Olsen måtte bruke dobbeltstemma si då det vart 5–5 i avstemminga. Dei andre ville opne for å droppe kvinneoppfordringa i enkelte spesielle tilfelle. Då sette leiaren ned foten.

– Om der er to kvinnelege prestar ein stad. Kva skader gjer det tenkjer eg, seier leiar i bispedømmerådet Jan Olav Olsen til NRK.no.

Olsen er klokkeklar på at kvinneprosenten skal opp i Agder og Telemark.

– Vi må sjå heilskapen i dette. Gjer vi for mange unntak vert dette veldig spesielt. Vi må ha nokre faste formular som vi må bruke, seier han.

For få kvinner

– Vi har 23 prosent kvinnelege prestar i bispedømme. Det er for lite, legg han til.

Leiaren understrekar at dei ikkje har sett eit prosentmål for talet på kvinnelege prestar.

Berit Bjørnerud som er vald inn i bispedømmerådet for prestane, er nøgd med at bispedømmerådet held fast på målet om å få fleire kvinner.

– Det er eit kjempeviktig signal å gi til kvinner at vi ynskjer fleire kvinner, seier ho til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %