Hopp til innhold

Vil ha fleire kommunale el-bilar

Arendal kommune jobbar no for at halvparten av bilane dei brukar skal vere elektriske.

Arendal kommune vil at halvparten av bilene de bruker skal være elektrisk. For åtte år siden vedtok kommunen å redusere utslippene med 90 prosent innen 2017.

SE REPORTASJE: Arendal kommune vil ha flere kommunale el-biler.

For åtte år sidan vedtok kommunen å redusere klimautsleppa med 90 prosent innan 2017. Dei er på god veg, og no skal altså bilparken bli meir miljøvenleg.

Til no har kommunen redusert klimautsleppa med 78 prosent.

– Vi har litt kort tid igjen til 2017. Vi ser at transport står for hovudutsleppa i det som er att. No er vi i ferd med å sjå på kor mykje bilflåten kan hjelpe oss med å få redusert resten av utsleppa, seier klima- og miljørådgjevar i Arendal, Ragnhild Hammer til NRK.

I gang med analyser

Kommunen er no i gang med å analysere den kommunale bilbruken. Dei tyngste køyretya er det mest truleg ikkje aktuelt å byte ut med det første.

I analysen skal kommunen gå gjennom kva bilar som kan bytast ut med el-bilar.

– Det går på kor langt dei køyrer, kor mykje last dei skal ha med, kor mange personar det skal vere i bilane og ikkje minst køyreforhold, seier ho.

– Dersom det er tunge snøvintrar vil det vere vanskelegare å køyre med små el-bilar. Alt dette må vi sjå på når vi går gjennom bilflåten vår. Det ser bra ut så langt og det ser ut til at vi kan få skifta ut store deler av bilparken, seier Hammer.

Ragnhild Hammer

Klima- og miljørådgjevar i Arendal Ragnhild Hammer.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Håpar på å byte ut 50 prosent

Klima- og miljørådgjevaren innser at det ikkje vil bli mogleg å byte ut heile bilparken med det første.

– Hundre prosent klarer vi nok ikkje, men klarer vi 50 prosent innan ikkje altfor lang tid er det bra, seier Hammer.

Miljøstiftinga Zero var måndag på besøk i Arendal. Rådgjevar i stiftinga, Gabriel Wergeland Krog rosar kommunen sitt initiativ om å byte ut bilparken.

– Folk som har teke dei i bruk er veldig glade i å køyre el-bil. Dei er lettkøyrde og lagar ikkje støy. Det er vel kun der det er eit reelt behov for firhjulstrekk og dersom dagleg køyrelengd er for lang ein ikkje kan erstatte behovet med ein el-bil.

Møte mellom Arendal kommune og Zero

Arendal kommune i møte med miljøstiftinga Zero måndag.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %