Hopp til innhold

Ordførar glad han ikkje var i sin eigen kommune då han vart sjuk

Ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss, er glad han ikkje var i heimkommunen då han vart sjuk. Årsaka er lang reisetid for luftambulansen. No forsterkar han kravet om fast base for helikopter på Hovden.

Ordføreren i Bykle er glad for at han ikke var i sin egen kommune da han ble syk. Jon Rolf Næss fikk hjerteproblemer og måtte fraktes til sykehus med luftambulanse.
Nå vil han ha fast base for luftambulansen på Hovden.

SE VIDEO: Jon Rolf Næss er tilbake etter sjukdom og vil kjempe for fast luftambulansebase på Hovden.

Ordføraren fekk hjarteproblem under eit politisk møte og måtte hentast med luftambulanse.

– Eg fekk hjarteproblem og trengde luftambulanse akutt. Eg var heldigvis på Evje der det er 10-15 minutt flytid. Det gjekk unna, men eg er veldig glad det ikkje skjedde her oppe, seier ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss til NRK.

Mange innlandskommunar, deriblant Bykle, ligg utanfor det såkalla dekningsområdet.

Ved skader og sjukdom må dei vente i 45 minutt på luftambulansen, som har base i Arendal. Ved dårleg vêr blir ventetida fort endå lenger.

Maks 30 minutt ventetid

Styresmaktene meiner at flytida til ulykker og sjukdom ikkje skal vere meir enn 30 minutt. Norsk luftambulanse meiner 20 minutt bør vere maks flytid.

– Innlandet i Sør-Norge treng auka beredskap. Det er alt for lang flytid slik det er no. Å ha ein permanent luftambulanse her på Hovden hadde vore kjempemessig, seier ordføraren.

– Då hadde vi dekt store befolkningsområde og ikkje minst våre eigne område, der det særleg i vinterhalvåret er mykje folk i fjellet, seier han.

Luftambulanse

Luftambulansen har hatt så mykje å gjere på Hovden så langt i påska, at dei måtte utsette ei øving. No vil ordføraren i Bykle ha permanent base for luftambulansen på Hovden.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Meir enn venta

I påska inntek mellom 20 000 og 30 000 turistar Hovden for å drive skiaktivitet. Så langt i påska har det vore eit massivt trykk på luftambulansen, som har midlertidig base på Hovden gjennom høgtida.

– Det har vore meir enn venta. Vi visste det skulle vere litt, men når befolkninga aukar frå 900 til over 20 000, så vert det fort litt å gjere, seier Oddvar Uleberg som er lege i helikopteret.

Norsk luftambulanse vil ikkje leggje seg opp i debatten kring kvar helikopteret bør ha base.

Oddvar Uleberg

Lege i luftambulansen, Oddvar Uleberg, vil ikkje ha noko formeining om kvar basane for luftambulansane skal ligge.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Torvald Gautland

Torvald Gautland meiner at luftambulanse på Hovden vil skape ekstra tryggleik for innbyggjarane.

Foto: Håkon Eliassen/NRK
– Det bør helseføretaka gjere ei god utgreiing på sjølv, slik som mellom anna Helse Nord har gjort. Slik vi har opplevd det no, og dei vi samarbeider med, er det ein ekstra tryggleik, seier legen.

Utrykningsleiar i Setesdal brannvesen, Torvald Gautland, meiner også at ein luftambulansebase på Hovden vil skape ekstra tryggleik for innbyggjarane.

– Viktig for heile Sør-Norge

– For Hovden og Bykle hadde det vore veldig flott å ha. Når vi har ting og tang vil det ta 40-45 minutt før dei er på plass. Er dei her vil det ta fem minutt, og det vil bety mykje. Samstundes har vi eit distrikt rundt oss, som dei óg vil kunne nå, seier han.

Ordføraren i Bykle er på beina igjen etter sjukdommen. No er han klar til å kjempe for å få ambulansebasen til Bykle. Han trur også at det vil vere viktig for resten av Sør-Norge.

– No har dei vore her nokre få dagar og vi ser at dei er på vengene omtrent heile tida. Både i eigne oppdrag, men også som backup for helikoptera i Arendal, Stavanger og austlandsområdet, seier Næss.

– Det å ha ei backupmaskin her, som også sjølvsagt tek eigne oppdrag, kan eg ikkje forså anna enn at det bør vere her, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %