NRK Meny
Normal

Vil ha Amelie på talarstolen 17. mai

Arendalspolitikar har føreslått Maria Amelie (25) som årets 17. mai-talar i sørlandsbyen.

Maria Amelie og Nils Johannes Nilsen (Ap)

TIL ARENDAL? Maria Amelie er for tida i Moskva, men kan komme til Arendal 17. mai, dersom Nils Johan Nilsen (Ap) får det som han vil. (Arkivfoto)

Foto: Scanpix / NRK

– Eg meiner det er ein genial idè. Vi kan ikkje få nokon betre enn Maria Amelie til på halde tale til oss på nasjonaldagen om fridom og dei rettane vi nyter godt her i landet, seier Arbeiderparti-politikar Nils Johannes Nilsen til Agderposten.

Vart ikkje teke seriøst

Forslaget vart fremja i formannskapet i Arendal onsdag. Nilsen føler dei andre medlemmene ikkje tok forslaget på alvor.

– Eg veit ikkje om dei trur eg meinte det heilt seriøst, men eg gjer det. Under forutsetning av at Amelie er tilbake i landet med arbeidsløyve, noko eg trur ho er om fire månader. Å ha henne her på 17. mai ville også vere godt for Arendal sitt omdømme, seier han.

Det vart ikkje fatta noko vedtak i formannskapsmøtet.

Kjærasten frå Sørlandet

Kjærasten til Maria Amelie kjem frå Tvedestrand. Måndag reiste han saman med Maria Amelie til Moskva, då ho vart kasta ut av Norge. Ho vart eskortert med politifolk til Russland.

Amelie kom til Norge som 16-åring og har vore «papirlaus» flyktning sidan. I 2002 fekk både Maria Amelie og foreldra avslag på søknaden om asyl. Året etter fekk dei endeleg avslag.

Maria Amelie og Eivind Trædal

I MOSKVA: Maria Amelie og kjærasten Eivind Trædal på flyplassen i Moskva. (Arkivfoto)

Foto: Filippov Alexei / SCANPIX