Hopp til innhold

Vil greie ut eigedomsskatt i Bykle

Det politiske fleirtalet i Bykle vil greie ut eigedomsskatt i kommunen.

Tor Hallvard Mosdøl
Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Vi ser at vi har noko mindre å rutte med totalt sett i kommuneøkonomien og rådmannen har tilrådd oss å greie ut kva moglegheiter som ligg med eigedomsskatt, seier varaordførar Tor Hallvard Mosdøl (Sp) til NRK.no.

– Er de einige innanfor Senterpartiet om dette?

– Vi binder ingen representantar i verken kommunestyre eller formannskap. Kvar og ein har evne til å tenkje sjølvstendig. Eg kan ikkje seie noko om korleis dette vil gå, seier han.

Formannskapet gjekk tysdag med 3 mot 2 stemmer inn for utgreiing då politikarane stemte for første gang. Høgre stemte mot, medan Arbeiderpartiet og Senterpartiet stemte for.

– Eg held meg til rådmannen si tilråding. Han rår oss til å greie ut spørsmålet, så får vi ta det opp til vurdering, seier Mosdøl.

6. november fortalde NRK.no at rådmannen vil greie ut moglegheitene for å innføre eigedomsskatt i kommunen. Dette skapte umiddelbart reaksjonar blant hytteeigarar i kommunen.

Kommunestyret skal ta endeleg stilling til utgreiinga i neste månad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Markus Hagen Calado.

Blir ingen rettssak: – Sleipt, barnslig og utrolig skittent

Hærverk bil krs

Minst 50 biler har fått skåret opp dekk i Kristiansand

null
Spiller nå
Viggo Venn skaper god stemning i Sørlandssendingen 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,63 kr
Dyrest kl. 18 0,68 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2023 – aug 2024
    + 4,5 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %