Vil GPS-merke demente

Demensforeininga i Arendal meiner at pårørande bør skaffe GPS-utstyr for å ha betre kontroll på dei demente.

Demens

GPS: Demente kan bli merka med GPS-armband i framtida, dersom Demensforeininga i Arendal får det som dei vil. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com DAVID BECUS / Colourbox PHOTOPQR/LA DEPECHE DU MIDI

Bakgrunnen for det er at ei 83 år gammal kvinne forsvann frå ein institusjon på Tromøy i Arendal i helga.

– Eg trur ikkje GPS kan skade, sjølv om det kan verke kontrollerande, seier leiar i Demensforeininga, Liv Quist-Paulsen til Agderposten.

Kan lette omsorgen

Leiaren meiner GPS-merking kan lette omsorgen og skape tryggleik for både pårørande og den demente. Ei slik løysing vil koste eit par tusen kroner.

– Men det er verd pengane, meiner ho.

Arendal kommune er ikkje avvisande til å utstyret demente med GPS.

– Vi har prøvd det ut på ein brukar, som var klar over kva det innebar, men det er noko anna å utstyre dei som ikkje er klare, seier demensrådgjevar, Karin Pettersen til avisa.

Ho peikar på at ei slik merking vil krevje godkjenning frå høgste hald.

– Bør få eit tilbod

Tidlegare KrF-politikar, Knut Mørland, meiner at Arendal kommune bør kjøpe inn GPS-utstyr til sjukeheimane i kommunen.

– Pårørande til dei personane som ikkje kan gjere greie for seg, skal få eit tilbod om GPS-armband og så avgjere i kvart tilfelle om dei ynskjer dette eller ikkje, seier han til Arendals Tidende.

– Dette er ei sikkerheit for personen sjølv, dei pårørande og også for dei tilsette som gjer sitt beste for å passe på dei demente, men nokre gonger går dei ut, utan at nokon ser dei, seier politikarane som representerer seg sjølv i bystyret i Arendal, etter at han tidlegare har brote med KrF.