Vil gje Bryne-kompisen juling

Henrik Robstad og Aram Khalili har brukt mange timar saman på løkka. Søndag kveld kjempar dei om poeng i 1. divisjon på kvart sitt lag.

Aram Khalili

Aram Khalili (t.v.) kan vente seg tøffe duellar mot Henrik Robstad i søndagens oppgjer.

Foto: Svenn Olav Sele / brynefk.no

Laster innhold, vennligst vent..

Sjansen er stor for at dei to kameratane som voks opp på Hånes i Kristiansand møtest mann mot mann.

Henrik Robstad

Henrik Robstad ser fram til kampen mot Bryne på Levermyr.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Han skal få kjenne det i duellane, ler Robstad.

Søndag kveld står dei på kvar sin banehalvdel når Jerv møter Bryne på Levermyr stadion i Grimstad.

– Vi har spelt mykje saman på løkka som barn. Eg har blitt dribla mange gonger av Aram, seier Robstad.

Uavgjortspesialist

Khalili har fått ein god start på sesongen i Bryne. Den tidlegare Start-spissen står med tre mål på dei seks første kampane. NRK har ikkje lukkast å komme i kontakt med Khalili.

Henrik Robstad har spelt alle dei seks første kampane for Jerv i 1. divisjon. Klubben ventar framleis på sin første siger for sesongen. Til no har det blitt fem uavgjort og eitt tap.

– Vi går alltid for tre poeng. Vi spelar bra fotball og skapar nok av sjansar. Vi har vore på nippet å avgjere dei fleste kampane. Det er desse marginane, seier Robstad.

Søndagens motstandar, Bryne, gjekk på sitt første tap for sesongen i førre serierunde mot Brann på heimebane.

Steinar Pedersen, FK Jerv

Steinar Pedersen og Jerv møter Bryne søndag kveld.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Vil revansjere cup-exiten

– Bryne har eit veldig bra lag, men vi veit at divisjonen er utruleg jamn. Vi har vist at vi kan kjempe om tre poeng i alle kampane vi har spelt, seier Robstad.

Jerv rauk ut av cupen tidlegare denne veka. Det vart tap mot Notodden på bortebane. Det skal revansjerast mot jærbuene.

– Det var rett og slett for dårleg. Vi var ikkje på det nivået vi skal vere. Det må vi vere mot Bryne, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

«Dyrepasseren» reddet eget lam fra plastgarn

Syklet Lindesnes-Nordkapp på rekordtid.

Sørlendinger satte ny verdensrekord: – Det føles godt å være ferdig