Hopp til innhold

Vil fylle 30 supportarbussar til cupfinalen

ØIF Arendal mobiliserer før cupfinalen mot Bodø i Oslo Spektrum i desember.

ØIF til cupfinale

Det blir truleg mange supporterar i raud og svart drakt i Oslo Spektrum 30. desember.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus og Andre Jørgensen Hofstøl etter at finalen var sikra.

Foto: Sander Heggheim/NRK

ØIF Arendal sikra cupfinale

ØIF-spelarane jublar etter sigeren i semifinalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Torsdag morgon startar vi planlegginga. Vi skal planlegge korleis vi skal få 10, 20 eller 30 bussar med supporterar til Oslo, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

– Vi skal passe på at det vert veldig mykje raudt og svart på tribunen i Oslo Spektrum. Det kan eg love, seier han.

Møter Bodø i finalen

Onsdag kveld sikra ØIF Arendal sin første cupfinale nokosinne då dei slo Elverum 26–23 heime i Arendal. Over 2500 tilskodarar skapte ei fantastisk ramme rundt semifinalen.

I finalen ventar Bodø, som også skal spele sin første cupfinale.

Etter kampen omfamna spelarane kvarandre i vill jubelrus til ståande trampeklapp frå eit heimepublikum i ekstase. Trenar Marinko Kurtovic trur ikkje laget hadde klart å spele seg til finale utan støtta frå tribunen.

– Dei støttar oss fantastisk bra dei siste minutta av kampen då vi sleit veldig. Publikum fekk fram den siste energien i gutane. Alle fortener denne sigeren, seier Kurtovic.

– Vi skal dominere

Allereie før semifinalen fekk klubben spørsmål om transport til cupfinalen. Men klubben ville sikre finaleplass før dei starta å planlegge ein Oslo-tur.

– Vi har vore veldig bevisst på at finalen skulle sikrast først. No er den sikra, og då set vi i gang, seier Per Carsten Michelsen.

Keeper Svenn Erik Medhus er sikker på at mange vil ta turen for å støtte laget i cupfinalen mot Bodø.

– Stemninga vert som i semifinalen. Vi skal dominere på bana og vi skal dominere på tribunen, seier Medhus.

ØIF ARENDAL KLARE FOR FINALE
ØIF Arendal klare for finale

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %