Hopp til innhold

Vil fjerne fem årsverk på barneavdelinga

Bemanninga på barneavdelingane i Sørlandet sjukehus skal reduserast med minimum fem årsverk. Det går fram i eit dokument NRK har fått tilgang til.

Barneavdelingen Sørlandet sykehus Arendal

I eit dokument NRK har fått tilgang på går det fram at klinikksjef Nina Hope Iversen vil redusere talet på årsverk ved barneavdelinga i Sørlandet sjukehus.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Laurdag fortalde NRK at ei arbeidsgruppe i Sørlandet sjukehus vil redusere talet på sengeplassar på barneavdelingane i Kristiansand og Arendal.

Etter det NRK veit er leiargruppa ved barneavdelinga ikkje einige om prosjektgruppas konklusjon om nedlegging av sengeplassar.

Nina Hope Iversen

Klinikksjef Nina Hope Iversen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Sjukehuset behandlar fleire pasientar poliklinisk, og klinikkleiinga meiner sjukehuset har fleire sengeplassar på barneavdelingane enn det er behov for.

Minimum fem stillingar

I eit brev til avdelingsleiaren på barneavdelinga går det fram at klinikksjefen vil kutte minimum fem årsverk på barneavdelingane når talet på sengeplassar kuttast.

Klinikksjef Nina Hope Iversen seier dette er ein konsekvens av at dei skal kutte fem døgnplassar.

– Vi tek ned årsverk fordi vi over tid har fått ein reduksjon i talet på liggedøgn i barne- og ungdomsavdelinga. Som ein konsekvens av lågt belegg på sengepostane følgjer nedbemanning med, seier Hope Iversen til NRK.

Klinikksjefen har gitt barneavdelinga ein frist til mars med å lage ein plan for nedbemanning.

– Vi landar nok på ein konklusjon i løpet av våren ein gong, seier ho.

– Kan det bli oppseiingar?

– Det er veldig vanskeleg å garantere på førehand. Det kjem an på kva stillingar og funksjonar avdelinga som jobbar med dette definerer som aktuelle for reduksjon. Erfaring frå tidlegare prosessar har vore at vi i stor grad finn alternativt arbeid til kompetent personell, seier ho.

– Ikkje ei strukturendring

Natasha Pedersen i «Ja til lindrande enhet og omsorg for barn», sa til NRK i helga at ho er sterkt kritisk til å legge ned fem sengeplassar.

Ho drog også fram helseminister Bent Høie sitt besøk i landsdelen. Der sa han at sjukehuset må vente med strukturelle endringar til ein nasjonal helseplan er klar.

Klinikksjefen meiner at dette ikkje dreiar seg om ei strukturendring.

– Dette er ei rein driftstilpasning i forhold til aktiviteten i avdelinga og har ingen konsekvensar for organiseringa av barne- og ungdomsavdelinga, seier ho.

Det er førebels ikkje klart om stillingane skal kuttast i Kristiansand eller Arendal, eller begge stader.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %