Hopp til innhold

Vil bruke tid på å finne Pedersen sin erstattar

Fotballklubben Jerv stressar ikkje med å finne ny hovudtrenar.

Steinar Pedersen

Steinar Pedersen skal trene Start neste sesong.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Dette har vi eit heilt avslappa forhold til. Vi har god tid og vil bruke tid på å finne den rette trenaren, seier styreleiar Per Gunnar Topland til NRK.

Per Gunnar Topland

Styreleiar i Jerv, Per Gunnar Topland.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Det er jo ikkje lenge sidan Steinar signerte for Start, så vi har ikkje gjort noko endå, seier Topland.

Jensen overtek

23. desember kom meldinga Jerv-fansen truleg frykta mest av alt.

Suksesstrenaren Steinar Pedersen hadde etter mykje fram og tilbake skrive under for Start.

Inntil vidare er det assistenttrenar Andreas Jensen som tek over hovudansvaret for 1. divisjonsklubben.

– Han er ein veldig bra og dyktig trenar, så det uroar oss ikkje, seier Topland.

– Har de aktuelle kandidatar per no?

– Nei. Vi har ikkje gjort noko. No har vi juleferie, så får vi sjå etter det, seier han.

Steinar Pedersen blir Starts nye trener

Steinar Pedersen er Start-trenar neste sesong.

Går for topp fire

Steinar Pedersen og Andreas Jensen førte Jerv frå 2. divisjon i fjor til kvalifiseringsspel til eliteserien denne sesongen. Der vart det tap mot naboen Start over to kampar.

Ifølgje Fædrelandsvennen er målsettinga topp fire i 1. divisjon kommande sesong.

Julafta vart det klart at veteranen Glenn Andersen tek eitt år til i Jerv-drakta.

– Det er viktig for klubben at Glenn blir med vidare. Det var ei viktig signering, seier Topland.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %