For inntil eit år sidan var Benedikte Nilsen dagleg leiar for ein av landets største festivalar, Hovefestivalen.
No gjer ho seg klar for å ta imot 40 mindreårige asylsøkjarar som skal innta Hove leir i Arendal.
- Les også:
Skryt av UDI
Søndag kveld fekk Nilsen vite at ho skulle ta fatt på jobben, og i løpet av veka har planlegginga blitt ein realitet.
– Eg er utruleg imponert over korleis systemet fungerer. Det er veldig gøy for meg som politikar å kunne sjå kor gode rutinar og nøye planlagt arbeidet av UDI og Hero Norge er.
- Les også:
Vil gi dei ein god ballast
Dei 40 gutane mellom 15 og 18 år blir i løpet av fredagen innlosjert på leiren i Arendal. Nilsen vil fokusere på integrering og å skape gode rutinar.
– Dei skal byrje på skule, med fritidsaktivitetar og integrere seg. Eg har lyst å få gode rutinar på dei, både når det kjem til mat, interesser og så vidare. Eg skal prøve med mitt team å gi dei ein god ballast, så dei kan få ein lettare kvardag i framtida.
- Les også:
Fleirkulturell stab
Med seg har Nielsen 18 tilsetje som alle kjem frå forskjellige kulturar.
– Dei tilsetje er utruleg motiverte. Det er mange forskjellige språk, kulturar og kunnskap. Og vi vil bli det beste teamet på Sørlandet for unge mindreårige.