Vil attende som prest

Sex-sikta Torbjørn Lied vil attende som prest trass i at påtalemakta i går la ned påstand om 120 dager betinga fengsel og tap av retten til å vere prest.

I Kristiansand tingrett i går sa den tidlegare sognepresten i Oddernes at han kunne tenke seg oppdrag som vikarprest.

Påtalemakta meiner Lied misbrukte stillinga si for å få sex, og at dette gjer at han aldri igjen kan utføre prestegjerninga.