Hopp til innhold

Vil «stramme inn» bystyret etter Hardy-kommentar

Arendalsordførar Einar Halvorsen (H) vil minne politikarane på korleis ein oppfører seg i bystyret, etter flyktning-debatten.

Einar Halvorsen

Einar Halvorsen på talarstolen i bystyret i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Einar Halvorsen

Arendalsordførar Einar Halvorsen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Sylvi Hardy

Sylvi Hardy på talarstolen i bystyret.

Foto: Skjermdump Arendal bystyre
– For å vere heilt ærleg, så har ikkje dette vore eit problem i Arendal bystyre. Alle dei 39 representantane oppfører seg hundre prosent som dei skal. Men eg vil ta ei runde etter denne saka, seier Halvorsen til NRK.

Kommentarane til Sylvi Hardy, som er 10. vararepresentant i Arendal bystyre, skapte store overskrifter. No vil ordføraren minne bystyret på at dei må halde seg innanfor reglane.

– Ja, eg burde ha klubba ho

– KS har ein mal for korleis ein skal opptre i bystyret. Denne kjem eg til å ta opp med bystyrerepresentantane, seier han.

Ordføraren var ein av mange som fekk bakoversveis då han forstod kva Sylvi Hardy sa frå talarstolen under ein flyktningdebatt torsdag.

– Vil vi eigentleg ha inn i vår eiga stove nokon som tenkjer, et og luktar fordi dei et annan mat. Dei har ein heilt annan kultur og ein annan måte å tenkje på. Dei bankar og slår ungane sine, sa Hardy.

Ordføraren vedgår at han burde ha stoppa vararepresentanten.

– Sett i ettertid og etter å ha tenkt i fred og ro, så ser eg at eg burde ha brukt klubba. Det har eg ikkje problem med å innrømme, seier Halvorsen.

Skulda for rasisme

I eit intervju med NRK fredag sa Sylvi Hardy at ho framleis står ved kommentarane ho kom med i bystyret. Frp-politikaren meiner ho er misforstått.

– Eg forstår at det kan misforståast når eg seier at dei luktar anleis. Eg har ikkje sagt at dei luktar vondt. Eg har sagt at dei luktar anleis fordi dei lever på ein heilt annan måte. Mange kan kanskje ta det gale opp, men det var ikkje mi meining, sa Hardy.

Arbeiderparti-politikar Line Haugland gjekk sterkt ut, og meinte at Hardy sine kommentarar var rasistiske. Det slår vararepresentanten tilbake mot.

– Eg vil på det sterkaste påstå at eg ikkje har komme med rasistiske kommentarar. Men eg står ved det eg sa i bystyret. Eg angrar ikkje på det eg sa, sa Hardy til NRK fredag.

– Tykkjer synd i Hardy

Ordførar Einar Halvorsen meiner at bystyrepolitikarane oppfører seg bra. Likevel vil han ta ei runde med politikarane.

Sylvi er ikkje eit ondt menneske. Ho er eit hjartevarmt menneske

Einar Halvorsen, ordførar i Arendal

– Det vil i første rekkje dreie seg om kva ein replikk er, og at dei må halde seg til fastsett tid på innlegga sine. I tillegg skal vi ikkje ha innlegg med personkarakteristikk, eller som er nedlatande. Men dette har ikkje vore eit problem i bystyret, understrekar han.

Sylvi Hardy seier at ho har hatt det tøft, etter å ha skapt overskrifter i dei fleste riksmediene. Halvorsen tykkjer synd i ho.

– Eg gjer det. Ho er ikkje eit ondt menneske. Ho er eit hjartevarmt menneske som gjer veldig mykje godt sosialt arbeid, seier han.

Han er også overraska over merksemda saka har fått.

– Eg trur dei fleste vart overraska over at det vart så massiv mediedekning.

Created by InfoDispatcher
Line Haugland (Ap) vart sjokkert då Frps vararepresentant Sylvi Hardy heldt eit innlegg i Arendal bystyre. Mellom anna sa Frp-representanten at flyktningar «luktar» og «bankar og slår ungane sine».

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %