NRK Meny
Normal

Vi er sjukast i februar

Sjukefråvêret når toppen i februar. Fleire kommunar NRK.no har vore i kontakt med stadfestar at vi er sjukast i februar.

Syk mann

SJUKAST: Tal NRK.no har henta frå fleire kommunar viser at det er høgast sjukefråvêr i februar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Colourbox.com

– Vi veit jo at vinteren er høgsesong for influensa-epedemi og for omgangssjuke, seier kommunelege i Kristiansand, Vegard Vige til NRK.no.

Kommunelege Vegard Vige, Kristiansand

KOMMUNELEGE: Vegard Vige trur peikar på at influensaen når toppen i januar-februar. (Arkivfoto)

Foto: Børge Røssaak Nilsen / NRK

Influensasesongen strekkjer seg normalt frå litt før jul til eit stykke ut i mars. Men høgsesongen er januar-februar.

Mindre trening

– Årsaka kan nok vere at folk med smerter i kroppen slit litt meir når det er kaldt over ein lengre periode. Ein kan og trekkje fram den klassiske forklaringa med vinterdepresjon, seier psykolog ved senter for helse og arbeidet i Kristiansand, Anders Rudell.

– Den fysiske formen hos menneske er veldig viktig for å oppretthalde motivasjon, optimisme og psykisk helse. Ein kan spekulere i at det vert mindre trening i vinterhalvåret, i alle fall utandørs, seier han.

Andre har sine meiningar om kvifor sjukefråvêret er høgare i februar enn dei andre månadene.

Sport på tv

– I februar er det utruleg mykje sport som er på tv. Både vinteridrett og ikkje minst den engelske fotballen som rullar og går, seier lærarstudenten Hans Christian Ruud til NRK.no.

– Kunne du ha skulka jobben av og til for å sjå sport på tv?

– Eg ville nok ikkje ha gjort det, men ser at nokon kan bli freista til det med tanke på at det vert mange seine kveldar føre tv-skjermen og mykje artig sport å sjå, seier han.

Kommunelege Vegard Vige er mest uroa over at NRK vel å setje fokus på sjukefråvêret.

Bjørgen og Kristoffersen

TV-SPORT: Hans Christian Ruud trur sport på tv kan gjere terskelen lågare for å skulke jobb. Om få veker startar ski-VM i Oslo... (Arkivfoto)

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Sei di meining

– Gjer du eit stort poeng ut av at sjukefråvêret er større i februar enn elles i året og dette innslaget vert høyrt av mange, kan det bidra til å auke sjukefråvêret på eigahand. Det er eg overbevisst om, seier han.

Kunne du ha skulka jobben for å sjå sport på tv? Sei di meining!