Hopp til innhold

Verkstader råka av hacking: – Viktig å ha orden i systema

For å forhindre at hacking gjer stor skade, er det viktig at ein har orden i systema og følgjer grunnprinsippa for IKT-tryggleik, seier ekspert på elektronisk kommunikasjon.

Seksjonssjef Frank Stien hos Nkom, leder for seksjonen Nkom EkomCERT- Computer Emergency Response Team

Seksjonssjef Frank Stien hos Nkom. Han er leiar for seksjonen Nkom EkomCERT (Computer Emergency Response Team).

Foto: Nkom

Alle verksemder og bransjar kan bli utsett for digital utpressing, også vi som privatpersonar, seier leiar for Nkom EkomCERT Frank Stien.

Torsdag skreiv NRK at fleire hundre verkstader er ramma av hacking, noko som gjer at dei manglar informasjon om både kundar, bilar, deler og prisar.

Årsaka er at IT-leverandøren Helios Auto, som driftar datasystema, har vorte hacka.

Blant dei som er råka, er Vågsbygd Bilverksted og MJA Bilservice i Kristiansand.

Les også Flere hundre verksteder rammet av hacking: – Vi har egentlig null kontroll

bilverksted-hacking

– Ikkje betal

Stien fortel at det er fleire metodar som blir brukte, men seier at det som er felles er at ein må betale for å få tilgang til eigne datasystem eller filer.

Og betalinga er hovudsakleg i kryptovaluta.

Ikkje betal dei kriminelle. Det er ingen garanti for at ein faktisk får tilbake systema sine slik dei var. I tillegg vil det sannsynlegvis bidra til at fleire blir ramma, fordi det er pengar å tene på denne forma for kriminalitet, seier Stien.

Dersom bedrifta di opplever å bli ramma av løysepengevirus er det viktig å få hjelp frå IKT- eller tryggingsleverandøren din og kontakte politi.

Nkom EkomCERT er ekom-sektorens digitale responsmiljøet til sektoren i Noreg. EkomCERT jobbar tett med mellom anna tryggingsorganisasjonar og Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC).

Les også Kunder svindlet fra bankens eget telefonnummer: – Simpelt gjort

Eivind

– Viktig å ha orden i systema

For å forhindre at slike angrep gjer stor skade er det viktig at ein har orden i systema sine, seier Stien.

Sørg for å ha tilgang på ferske tryggingskopiar som ikkje blir ramma av angrepet og følg NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik. Då er ein eit veldig godt steg på vegen.

IT-leverandøren Helios Auto i Verdal i Trøndelag har tidlegare denne veka skrevet på nettsida si at dei har identifisert kjelda til problema og at alle data er intakte.

Fredag formiddag skriv dei at dei vil fortsette arbeidet utover dagen, og at dei vil varsle brukarar på SMS etter kvart som pålogging er mogleg.

Les også Ble svindlet for 700.000 kroner på telefonen – omfanget øker

En 78 år gammel dame fra Arendal ble lurt trill rundt på telefonen og svindlet for 800.000 kroner. Datteren Irene Pedersen sier de forteller historien for å advare andre.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %