NRK Meny
Normal

Venter 20 000 mennesker

Hele bygda gjør seg klar til Landsskyttarstevnet på Evje.

Leif Fjerdingstad
Foto: Sander Heggheim / NRK

I Evje forbereder hele bygda seg på å ta imot over 5000 skyttere til årets Landsskyttarstevne.

Konkurransene starter kommende lørdag, og ifølge formannen i hovedstyret for stevnet, Leif Fjerdingstad, er alt i rute.

Anders Metveit

Økonomisjef Anders Metveit regner med et overskudd på halvannen millioner kroner til skytterlagene i distriktet.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Det er berre fem dagar att. Fem dagar til over 5000 skyttarar inntek Evje til årets Landsskyttarstemne. På Evjemoen er opp mot 200 personar i gang med å rigge utstyr på arenaen. Og ifølgje hovudstyreformann, Leif Fjerdingstad, er alt under kontroll.

Det er mykje som skal i orden før store folkemengde inntek Evje. Totalt er det venta mellom 15.000 og 20.000 menneske, og Fjerdingstad lovar at det skal vere overnattingsplass til alle.

I helga braut svineinfluensaen ut under ein 4H-leir i Gloppen i Sogn og Fjordane. Det gjer at også landsskyttarstemne har måtte ta sine forholdsreglar i forhold til influensaen, om det skulle vere naudsynt..

Fleire tusen dugnadstimar ligg allereie bak arrangementet. For å kunne gjennomføre stemnet er dei avhengige av å ha frivillege med på laget, og
ein av dei frivillege, Bjørn Tore Beisland, seier det har vore lett å få folk med på å hjelpe til.

Det er venta at 15 000 menneskje vil legge igjen ganske mykje pengar i Evje-området. Og det er ikkje bare bedriftene på Evje som kan vente seg inntekter. Sjølv reknar arrangøren å sitje at med ein bra sum etter arrangementet. Det seier økonomisjef, Anders Metveit, som meiner at stevnet vil gi eit overskot på 1,5 millionar kroner som vil komme drifta av skytterlaga til gode.