NRK Meny
Normal

– Det er jo Mette, og det er han Grundekjøn

Dei aller fleste vi møtte på gata i Kristiansand visste kven ordførarkandidatane i byen er, men dei fleste var på førenamn med Mette Gundersen, og etternamn på Arvid Grundekjøn.

Birte Løvåsen og Ivar Kjellevik

GUNDERSEN OG GRUNDEKJØN: Birte Løvåsen og Ivar Kjellevik visste kven dei to ordførarkandidatane er.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ja, ho veit vi jo godt kven er. Mette Gundersen frå Arbeiderpartiet, seier Birte Løvåsen og Ivar Kjellevik til NRK.no.

– Han har jo veldig lyst til å bli ordførar, men vi veit kanskje ikkje så mykje om han endå, seier dei.

NRK.no tok turen ut på gata for å finne ut om lokalbefolkninga veit kven dei to ordførarkandidatane er ved å vise eit bilete av dei to. Mette Gundersen er Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat, medan Arvid Grundekjøn er Høgre sin kandidat til å bli ordførar i Norges femte største by.

– Eg legg merke til at eg heile tida seie Mette, samstundes som eg seier Grundekjøn. Det trur eg har med å gjere at Mette Har komme nærare enn Grundekjøn, eller det Arvid har gjort, ler Løvåsen.

– Men vi må vel gi han ein sjanse også, seier dei to.

Val-quiz

VAL-QUIZ: Dei aller fleste vi møtte på gata i Kristiansand visste kven ordførarkandidatane i byen er.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Å Gud, det er jo han

I Markens møtte vi ei kvinne på ein busstopp. Også ho kjende att ansikta til dei to ordførarkandidatane.

Anita Hammerø

VISSTE: Anita Hammer kjende att begge ordførarkandidatane på bilete, men kom ikkje på namnet til Arvid Grundekjøn.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Å Gud, det er jo han ordførarkandidaten til Høgre. Men eg hugsar ikkje kva han heiter, seier Anita Hammerø.

– Ho heiter Mette Gundersen og er Arbeiderpartiet sin ordførarkandidat, seier ho.

Hammerø kjem med ei klar oppfordring til dei to politikarane i valkampen.

– Dei burde kanskje seie litt meir om kva dei eigentleg står for. Han veit eg veldig lite om. Eg kjenner Mette på ein heilt annan måte, seier ho.

– Kven har vi mest tillit til?

– Det må bli Mette. Ho har eit syn som er litt meir mitt kan du seie. Men eg kan jo ikkje uttale meg om han sitt syn, for eg veit jo ikkje noko særleg om han, seier ho.

– Har vore mykje i media

Siren Skomedal

VISSTE: Siren Skomedal hadde oversikt over kven dei to ordførarkandidatane er.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Rett utanfor eit kjøpesenter i Kristiansand sentrum møtte vi Siren Skomedal og Kristine Gjermundnes.

– Nei, han veit eg ikkje kven er, seier Kristine.

– Jo, det er jo han Arvid Grundekjøn. Ordførarkandidaten til Høgre her i byen, seier Siren.

– Ja, når du seier namnet, så visste eg det, svarar Kristine.

Heller ikkje dei veit særleg mykje om Høgre sin kandidat.

– Eg veit ikkje så mykje. Eg gjer ikkje det. Men eg veit at han har budd i Oslo og kjem til Kristiansand som kandidat no, seier Siren.

– Eg har ikkje følgt så mykje med, så eg veit ikkje. Men eg har sett at han har vore mykje oppe i media, seier Kristine.

Kristine Gjermundnes

IKKJE FØLGT MED: Kristine Gjermundnes innrømte at ho ikkje visste særleg mykje om Høgre sin ordførarkandidat. – Eg har ikkje følgt med så mykje, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Høgre-flyer på kjøleskapet

Tilfeldigvis møtte NRK.no på ordførarkandidat Mette Gundersen. Ho er usikker på kvifor mange er på førenamn med ho, samstundes som dei omtalar konkurrenten med etternamn.

– Kanskje folk er familiære og på førenamn med meg og det er hyggjeleg. Eg har sett at Høgre køyrer ei kampanje der dei skriv «Arvid som ordførar». Så det er mogleg at dei prøvar å endre på det, seier ho til NRK.no.

Samstundes «avslørte» Gundersen at ho har gjort grep for å halde motivasjonen på topp gjennom heile valkampen.

– Eg har ein Høgre-flyer på kjøleskapet heime der det står Arvid som ordførar. Det er min motivasjon kvar morgon, ler Gundersen som ikkje var heilt nøgd med bilete vi brukte då vi spurte folket om kven ho var.

– Det var veldig dårlege bilete du hadde, flirer ho.

Mette Gundersen

IKKJE NØGD: Mette Gundersen var ikkje nøgd med bilete NRK viste fram til folk på gata.

Foto: Sander Heggheim/NRK