Veit ikkje kva som starta brann
Brannårsaka er førebels ikkje kjend etter at eit hus brann ned til grunnen i Åseral. Brannvesenet driv framleis ettersløkking. Krimteknikarar frå politiet skal forsøke å finne ut kva som starta brannen. Ingen personar vart skada i brannen.