NRK Meny
Normal

Vegtrafikksentralen: – La bilen stå

Det snø fleire stader på Sørlandet. På E18 skapte snøen vanskelege køyreforhold.

E18 i Grimstad

Vegtrafikksentralen og politiet ber bilistar med sommardekk om å la bilen stå.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Snø på E18 2. påskedag (17. april) 2017

Det snør på E18 fleire stader i Aust-Agder. Bilete er teke mellom Grimstad og Arendal.

Foto: Håvard Raustøl / NRK
E18 i Grimstad

E18 i Grimstad er snødekt.

Foto: Tipser

Vegtrafikksentralen ber folk som har lagt om til sommardekk, og som skal austover, om å la bilen stå.

– På E18 mellom Kristiansand og austover er det snødekke. Då er det berre å la bilen stå om du har sommardekk, sa trafikkoperatør Anniken Island til NRK like før klokka 13 måndag.

Det er ikkje meldt om stopp eller uhell i trafikken.

Men bilistar som har ringde NRK fortalde om vanskelege køyreforhold.

Saktegåande kø

– Entreprenørane er ute på vegen for å gjere tiltak, seier Island.

På E18 i Arendal var snøen i ferd med å legge seg. Det førte til saktegåande kø.

– Eg snakka med ei politipatrulje for ikkje lenge sidan. Dei rapporterte at trafikken byrjar å gå seint, sa operasjonsleiar i Agder-politiet Geir Andersen.

Køen har no løyst seg opp, og snøen har avtatt i Aust-Agder.

E18 i Grimstad

Slik såg det ut på E18 i Grimstad ved 14.15-tida. Mykje tyder på at snøvêret er i ferd med å lette.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Forsvinn fort

Også på riksveg 9 mellom Hovden og Kristiansand snødde det kraftig ved 12.30-tida.

Ifølgje statsmeteorolog Kristen Gislefoss vil ikkje snøen langs kysten bli liggande lenge.

– Langs kysten kjem det kanskje ein centimeter snø, men dette forsvinn veldig fort og gjer seg i løpet av kvelden, seier han til Fædrelandsvennen.

Snøvêret skapar også trøbbel for fotballen. Serieopninga mellom Amazon Grimstad og Grei i 1. divisjon for kvinner er førebels utsett på grunn av at grasmatta på Levermyr stadion er dekt av snø.

Oppdater deg på påsketrafikken:

Snø på Levermyr stadion

Levermyr stadion i Grimstad er dekt av snø.

Foto: Amazon Grimstad FK