Hopp til innhold

Vedgår å ha plassert halshogde dyr på kyrkjetrapp

Tre mindreårige gutar frå Søgne vedgår å ha teke livet av fire små dyr og plassert dei i korsformasjon på ei kyrkjetrapp.

Døde dyr på kirketrappa

Fire holshogde dyr vart plassert på er kyrkjetrapp i Søgne i vinter.

Foto: Politiet

Totalt meiner politiet at dei tre gutane er involvert i 20 ulike saker.

Ifølgje politiet har gutane innrømt dei fleste forholda.

Terje Pedersen

Terje Pedersen er lensmann i Søgne og Songdalen.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Dei har etterkvart lagt korta på bordet i det fleste sakene. No er saka sendt vidare til påtalemakta for vurdering, seier lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen til NRK.

Smurte dyreblod på kyrkjedør

I januar vart ein ilder, ei kanin og to marsvin funne halshode på kyrkjetrappa på Søgne gamle kirke. I tillegg vart det smurt dyreblod på ei kyrkjedør.

Då hevda politiet at eit videokamera hadde fanga opp to personar som stod bak, men saka vart seinare henlagt fordi videoen var av for dårleg kvalitet.

– Gutane har innrømt å ha teke livet av dyra, seier Pedersen.

Dyra vart stole frå Søgne videregående skole.

– Motivasjonen i forhold til dette har det ikkje komme fram anna enn at det var eit innfall dei fekk. Årsaka til at dei la dyra på kyrkjetrappa var at dei ville ha ekstra merksemd rundt dette, seier han.

Over 15 år

Alle dei tre gutane kjem ifrå Søgne og er over 15 år.

Dei er også sikta for ei rekkje båt- og biltjuveri.

I tillegg har dei innrømt ei rekkje innbrot i hytter, hus og hos bedrifter i Søgne-området.

– Dei har vore utruleg aktive over ein lang periode. Det er bekymringsfullt at så unge gutar er så aktive i forhold til så mange forhold. Vi får satse på at dei får ei avgjerd no, som kan sette rammer, og at dei kan bli fulgt opp tett vidare, seier Pedersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %