NRK Meny
Normal

Dette er landets beste båtkommune

Kristiansand er kåra til årets båtkommune 2017. Det er Kongelig Norsk Båtforbund som deler ut prisen.

Kristiansand gjestehavn

Kristiansand fekk utmerking under båtmessa i Lillestrøm. Bilete er frå gjestehamna i byen.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Dette er ein peikepinn på at vi gjer noko riktig. Det var ei overrasking at vi ligg så godt an. Det var stor stas, seier avdelingsleiar i Kristiansand Eiendom, Per-Christian Nygård til NRK.

Per-Christian Nygård

Per-Christian Nygård er avdelingsleiar i Kristiansand Eiendom.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Prisen vart delt ut på båtmessa i Lillestrøm laurdag. Kåringa byggjer på ei undersøking som er sendt ut til kommunane.

Fokus på båt

Her vert dei blant anna målt på tilrettelegging og fokus på båthamnene i kommunen.

– Alt frå utvikling av gjestehamner, status, standard og fokus på tilrettelegging for fritidsbåtar, seier Nygård.

Ved årstusenskiftet hadde Kristiansand kring 3000 kommunale båtplassar. I 2017 er talet kring 5500.

– Det var få plassar og stor etterspurnad. Det har vore eit veldig fokus politisk for å bygge ut fleire båtplassar i tillegg til oppgradering av eksisterande plassar. Denne prisen er ein god indikator på at vi har det rette fokuset, seier Nygård.

– KNBF jobbar aktivt for å få båtlivet på dagsorden sentralt og i ulike kystkommunar, for at dei skal legge til rette for maritimt friluftsbåtliv. Som eit ledd i dette blir Årets Båtkommune kåra for første gang i Norge – og blir ein årleg begivenhet. Vi ynskjer å heidre kystkommunar som gjer ein innsats i tilrettelegging for båtfolket, skriv forbundet i ei pressemelding.

Årets båtkommune 2017

Prisen vart delt ut på båtmessa i Lillestrøm laurdag.

Foto: Kongelig Norsk Båtforbund

Til flyplassen i snekke

Det var leiar i by- og miljøutvalet i Kristiansand, Stian Storbukås, som tok imot prisen på vegne av Kristiansand.

– Eg syns dette er kjempegjevt. Det er noko Kristiansand har jobba med over lengre tid, å betre vilkåra for småbåteigarane. Vi har gradvis fått veldig god dekning på antal båtplassar, seier han.

Og arbeidet vil halde fram. I mai skal ei ny brygge opnast på Kristiansand lufthavn Kjevik. Der skal vere plass til 30 båtar.

– Plutseleg kan folk reise til flyplassen i snekke. Det er jo stilig. Forhåpentlegvis kan denne prisen inspirere andre kommunar til å bli betre. For oss bidreg dette til auka inspirasjon for å jobbe vidare med dette, og bli endå betre, seier Storbukås.

Juryen si grunngjeving:

Kristiansand kommune virker aktiv og er framoverlent i tilnærmingen til båtfolket. De tar båtfolket på alvor og det foregår en kontinuerlig utvikling av eksisterende havner og utbygging av nye. Kommunen har et voksent budsjett knyttet til tilretteleggelse av båtlivet i kommunen. De jobber systematisk, har eget utvalg, der båtfolket blir tatt med på råd før beslutninger blir treft. Og legger stor vekt på brukerundersøkelser.

Juryen bestod av Båtens Verden, Telenor Kystradio, Kystverket og Norboat.