NRK Meny
Normal

Varmesøkjande kamera for tryggare naboskap

Kristiansand kommune vil prøve ut eit varmesøkjande kamera som kan oppdage brannar på opplagsplassar for båtar.

Auglandsbukta

I denne båthamna i Auglandsbukta skal det i vinter kome varmesøkjande kamera som ei prøveordning for å gjere naboskapet tryggare i forhold til brann.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Tidlegare i år blei det kjent at småbåthamnkontoret i Kristiansand ønskjer å lagre overvakingsbilete frå hamnane meir enn ei veke.

Datatilsynet godtek derimot ikkje bildelagring ut over sju dagar.

Det varmesøkjande kameraet som skal bli testa ut denne vinteren vil no bli plassert i Auglandsbukta.

Målet er at kameraet skal føre til raskare utrykking, seier leiar for båthamnkontoret i Kristiansand, Per Christian Nygård.

– Dette er kamera som dekreterer brann tidleg, og kan gi melding inn til brannsentralen slik at dei kan rykkje ut og få kontroll over dette raskt.

Tett på bustadområde

Fleire båthamner med vinteropplag for båtar ligg tett på bustadområde.

Jaktodden i Vågsbygd er ei av dei. Nygård seier utprøvinga av det nye varmesøkjande kameraet kan gi verdifulle erfaringar for å gjere naboskapet tryggare i forhold til brannar i båthamner:

– Det er klart at ein stor brann i eit opplag med mange båtar er veldig uønskt, og kan vere særs alvorleg. Det er noko vi ønskjer å førebyggje i den grad vi har moglegheit til det.

Båthavn

Varmesøkjande kamera skal i førsteomgang vere ei prøveordning i Auglandsbukta. Bilete er teke i ein annan samanheng.

Foto: Kai Stokkeland / NRK