Varetektsfengsla i fire veker
Jenta som er sikta for drapsforsøk på ei jente i Arendal er varetektsfengsla i fire veker. Begge vart sende til sjukehus med kuttskader. Politiet er sparsommelege med opplysningar, og viser til at dei er tidleg i etterforskinga.