NRK Meny
Normal

Vann gull i gjetarhund-NM

Rune Landås frå Songdalen vann Sørlandets første gull i gjetarhund-NM i Lier.

Rune Landås på pallen i gjeterhund-NM

Rune Landås (i midten) på pallen saman med hunden Kess etter årets gjetarhund-NM. Til venstre står sølvvinnar Arne Christoffer Sand med hunden Caddy. Til høgre er bronsevinnar Torbjørn Jaran Knive med hunden Siri.

Foto: Cathinka Kjelstrup

– Det er rått med nivået som er her. Nivået er skyhøgt, seier Landås til NRK.

Landås vann med border collien Kess, med tidenes høgste poengsum i ein NM-finale.

Rune Landås

Rune Landås med Kess etter NM-gullet.

Foto: Cathinka Kjelstrup

Han og Kess var suverene, og vann med ti poeng føre næraste konkurrent.

– NM-gull er stort

– Det er veldig mykje trening og praktisk arbeid som ligg bak ein slik medalje, seier han.

Det er Storbritannia som tradisjonelt har vore suverene i gjetarhundmeisterskap internasjonalt.

– Norge er ranka som nummer to i verda, så å ta gull i eit NM er stort, seier han.

Neste år skal det arrangerast både VM i Nederland og EM her heime i Norge. Der håpar sørlendingen å vere med.

– Det er klart at det er eit mål, seier han.

Kjend frå dyrepark

Rune Landås er ingen ukjend mann. Han er kjend som dyrepassar i Kristiansand Dyrepark.

NRK har tidlegare laga ein dokumentar med Landås og hans spesielle forhold til dyr.

I dokumentaren får du også vere med på sauesanking med Landås sin tidlegare gjetarhund Ask, som no er død.

Dokumentaren kan du sjå her:

Dokumentar om dyrepasser Rune Landås i Kristiansand dyrepark.