Valvogna endeleg på vegen

Måndag morgon la NRK Sørlandets Valvogn for første gang ut på vegen. Jomfruturen gjekk til Arendal.

Kjell Pedersen i Valgvogna

PÅ VEGEN: Første stopp for Kjell Pedersen og Valvogna var Arendal.

– Det er godt å komme i gang. Vi har jo flytta heile valredaksjonen ut av lokala frå Kristiansand for å komme ut til veljarane. Hensikta er å spegle valet der veljarane er, seier prosjektleiar Kjell Pedersen.

Valvognas fyrste oppdrag var på Sam Eydes plass i Arendal sentrum.

– Vi gler oss voldsomt til dette. Vi er det einaste lokalkontoret i NRK som kjem til å følgje valet på denne måten. Dette er veldig spennande, seier Pedersen.

Møt oss!

Johanne Tunaal-Larsen er ein av reportarane som vil følgje valet tett, og som skal vere med Valvogna.

– Det er første gang vi gjer noko slikt. Vi gler oss til å møte folk og oppmodar folk om å komme der vi er, seier ho.

Også politisk reporter Svein Sundsdal ser fram til å komme i gang med dekninga av valkampen.

– Det er morro å kunne bidra i valkampen med energi og engasjement, seier han.

Reiseplan

NRK Sørlandet har planlagt kvar turen går kvar dag gjennom valet. Prosjektleiar Kjell Pedersen understrekar at det kan bli endringar.

– I utgangspunktet skal vi jo følgje planen, men vi er samstundes fleksible slik at vi kan snu Valvogna dersom det skulle dukke opp saker som er viktigare andre stader, seier han.

22. august
Arendal

23. august
Mandal

24. august
Valle

25. august
Kristiansand

29. august
Risør

30. august
Lillesand

1. september
Arendal

2. september
Lyngdal

5. september
Åmli

6. september
Flekkefjord

8. september
Kristiansand

9. september
Grimstad