Sørlendingane var det beste laget frå start til mål heime i Aquarama. Thorey Rosa Stefansdottir sette standarden og scora dei tre første Vipers-måla.
Keeper Sakura Hauge tok fram sitt ypparste og varta opp med fleire klasseredningar. Til pause leia Vipers 17-14 over den «gamle» stormakta frå Trondheim.
Evje-magi
I andre omgang var Byåsen i ferd med å ta inn forspranget til Vipers. Men Vipers-jentene tok seg saman.
12 minutt ut i omgangen storma Evje-jenta Tonje Refsnes gjennom Byåsen-forsvaret og sende Vipers opp i 24-19.
Åtte minutt før slutt kontra Refsnes inn 30-22, og sette i realiteten spikeren i kista. Byåsen var aldri i nærleiken av å tukte Vipers.
Nesten fulle tribuner
1672 tilskodarar så oppgjeret i Aquarama. Det er tilskodarrekord for sesongen. Det er kun Byåsen som har eit høgare tilskodarsnitt enn Vipers Kristiansand.
Sigeren betyr at Vipers Kristiansand er med i kampen om medalje i årets eliteserie.