Hopp til innhold

Valle vil ikkje slå seg saman med naboane

Det politiske fleirtalet meiner at Valle bør halde fram som eigen kommune.

Formannskapet i Valle

Formannskapet i Valle vil ikkje ha kommunesamanslåing.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Onsdag gjekk formannskapet inn for at dei først og fremst ynskjer ei utgreiing på å halde fram som eigen kommune.

Tarald Myrum

Ordførar Tarald Myrum i formannskapet onsdag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Steinar Kyrvestad

Steinar Kyrvestad (Ap).

Foto: Svein Sundsdal/NRK
– Valle er ein kommune der vi klarar oss veldig godt. Vi har veldig gode teneste til innbyggjarane. Det er få grunnar til å tru at ein annan struktur vil føre til betre teneste, seier ordførar Tarald Myrum til NRK.

Ser på alternativ

– Vi føler vi har eit godt grunnlag til å drive kommunen på ein god måte også i framtida, seier han.

Samstundes bestemte formannskapet at kommunen skal sjå på ei mogleg samanslåing med naboane Bykle og Bygland.

Steinar Kyrvestad (Ap) ville setje punktum for diskusjonane om kommunesamanslåing allereie i dag. Dette vart altså nedstemt.

Ville seie stopp

– Valle kommune har allereie vore med på å utarbeide eit Setesdal-alternativ og eit langfjell-alternativ. Då tykkjer eg det er på tida, som også andre kommunar som Sirdal og Vinje har sagt, at vi set stopp, seier Kyrvestad.

Varaordfører Nina Johnsen (H) meiner det i utgangspunktet er best at Valle held fram som eigen kommune.

– Men dersom det ikkje let seg gjere, dersom utgreiinga viser at vi ikkje kan levere gode nok løysingar, er eg open for andre løysingar, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %