Hopp til innhold

Valle-presten forklarar seg

Sognepresten Arne Skare er tiltalt for falsk forklaring etter å ha meldt trugslar og skadeverk på bilen sin til politiet.

Arne Skare, Sveinung Søndervik Johnsen

TILTALT: Valle-presten Arne Skare (t.h) skal i dag forklare seg. Forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til venstre.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det var i april i fjor at presten hevda han vart utsett for trugslar, då han fann ein kniv køyrt gjennom eit bilete av seg sjølv i bilen sin. Han var særs uroa etter episoden.

– Eg er jo berre eit menneske eg også, og det er klart at dette går inn på meg. Familien er også uroa. Vi blir jo redde, det er klart det, sa han til NRK.

Ny trugsel

Dagen etter møtte fleire hundre menneske opp i den vesle bygda, for å vise si støtte til den truga presten. Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund sa at bygda held saman og var særs oppteken av å finne ut kven som stod bak trugslane.

I juni hevda presten at han igjen vart utsett for trugsel. Bremseslangar på bilen hans var kutta av slik at han enda i grøfta. I tillegg skal han ha motteke eit trugselbrev i posten, dynka i parafin.

Rettsal Valle

RETTSAK: Valle-presten skal forklare seg i kommunestyresalen i Valle.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tiltalt

I juli vart presten kalla inn til avhøyr. Han var no mistenkt for falsk forklaring.

– Bakgrunnen for mistanken er avvik i forklaringa rundt fysiske funn, samt tekniske spor. Politiet har førebels ikkje fått svar på alle analyser og presten vert no avhøyrt av politiet i Kristiansand, sa politiførstebetjent Dag Hovden.

Valle-presten har heile tida hevda at han er uskuldig i saka.

I september vart presten tiltalt for falske trugslar mot seg sjølv, då statsadvokaten tok ut tiltale.

I dag forklarar han seg i kommunstyresalen i Valle. NRK følgjer saka direkte på nett.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %