Dermed er setesdølene klar for den nasjonale finalen, som vert sendt på NRK1 4. mai. Valle skule skal representere Aust-Agder i finalen.
– Dette hadde eg absolutt ikkje trudd. At vi kjem til Oslo er kjempegama, seier Eirik Unneland på ekte valldøl.
Han representerte skulen saman med Johan Homme og Gunn Hoftuft.
– Det var kjempegama. Eg ser fram til det, seier Johan.
– Eg hadde kanskje ikkje heilt trua på det, men eg hadde jo eit håp om at vi skulle klare det, seier Gunn.
No skal trioen førebu seg så godt dei kan til finalen i mai.
– Det blir vel å følgje med i avisa kanskje og øve på geografi og sånn, seier Johan.