NRK Meny
Normal

Vaksen hannulv skoten i Flekkefjord

Ein ulv vart skoten i Flekkefjord i Vest-Agder måndag ettermiddag. Ulven vart sett av fleire personar i helga.

Ulv skutt i Flekkefjord

Denne ulven vart skoten i Flekkefjord måndag.

Foto: SNO

Ulven vart skoten i området rundt Gyland ved 12.15-tida, skriv Fædrelandsvennen.

Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Jon Erling Skåtan, seier til avisa at det dreier seg om ein stor, vaksen hannulv.

– Sidan då er han sett av to-tre personar, seier Skåtan.

Også avisa Agder skriv at ulven har blitt observert fleire gonger den siste tida. Agder skriv også at det vart observert ein ulv i Sirdal mellom jul og nyttår. Her vart også sauer drepne.

Det har vore lisensjakt på to ulvar i rovviltregion 1, som omfattar Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er framleis lisensjakt på ein ulv.

Aust-Agder høyrer til rovviltregion 2. Her er det framleis fellingsløyve på to ulvar.