Skaut politimann i beinet under pågriping

Ein mann som er etterlyst i ei straffesak forskansa seg med eit våpen i eit bustadhus i Lindesnes.

Væpna aksjon Lindesnes

Væpna politi har pågripe ein mann i eit bustadhus i Lindesnes.

Foto: Ronny Blix

Politiet opplyser at mannen losna eit skot med eit luftgevær som trefte ein politimann i beinet. Politimannen er ikkje skada, opplyser politiet.

– Å rette våpen mot politiet er særs alvorleg, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Geir Andersen til NRK.

Politiet losna ikkje skot i aksjonen.

Væpna aksjon i Lindesnes

Fylkesveg 460 vart stengt som følgje av politiaksjonen.

Foto: Ronny Blix

Mannen er etterlyst i ei straffesak og var kalla inn til eit avhøyr. Politiet vil ikkje seie noko om kva mannen er etterlyst for.

Politiet hadde opplysningar om at mannen oppheldt seg på ei adresse i Lindesnes.

Mannen nekta å opne døra for politiet. Seinare observerte dei han i eit vindauge med eit våpen i hendene.

– Vi antok at det var snakk om eit luftgevær. Vi forsøkte å få mannen til å komme ut utan våpenet. Dette lukkast vi ikkje med, seier han.

Dermed tok politiet seg inn i bustaden. Det var då mannen avfyrte eit skot mot politimannen.

Politiet stengde fylkesveg 460 i samband med politiaksjonen. Det oppstod lange køar som følgje av dette.

Ein mann som er etterlyst i ei straffesak forskansa seg i eit bustadhus i Lindesnes.

Foto: Ronny Blix