Hopp til innhold

Uvisst når rettsaka kjem i gang

Utanriksdepartementet har framleis ikkje høyrt noko frå Kongo om når rettsaka mot dei to nordmennene kan komme i gang.

Nordmenn i Kongo

Arkivfoto.

– Vi har ikkje fått noko informasjon om når rettssaka skal starte, seier pressekontakt i UD, Bjørn Svennungsen til NRK Sørlandet.

Bistår

UD sine representantar i Kongo er jamnleg i kontakt med dei to nordmennene - blant anna ein 28 år gammal mann frå Vegårshei. Dei bistår med konsulær bistand, som vil seie at dei ordnar alt praktisk, og sørgar for at dei har det dei treng av mat og klede. Det er og det einaste UD kan gjere for nordmennene, også under rettssaka.

– UD kan ikkje intervernere rettsaka, like lite som andre land kan intervernere i rettsaker som føregår i Noreg. Men vi kan sørge for at dei to har det dei treng i fengselet, utover det kan vi ikkje blande oss inn i rettsaka, seier pressekontakta.

Dødsstraff

Kongolesiske myndigheiter har sagt at dødsstraff i vert praktisert i Kongo.

- Det har ikkje vore gjennomført dødsstraff på ein del år, det er det vi veit om det, seier han.

- Har ein fått lovnader om at dødsstraff er uaktuelt?

- No bevegar du deg inn på straffespørsmålet igjen, og det blir gale av meg å kommentere, seier han.

- Nordmennene har det etter rapportane bra etter forholda. Men det er klart det er ei utfordring å sitje i fengselet der nede, seier han.

Vaskar blod

VG skriv i dag at dei kjenner til rykter om at to utanlandske leigesoldatar på drapstokt i Kongo, skal ha utløyst full alarm i militæretterretninga. I tillegg presenterer dei eit bilete av den sikta 28-åringen frå Vegårshei, som vaskar vekk blod frå setet på leigebilen der sjåføren vart skoten og drepen. Avisa skriv at dei har vegått å ha stoppa bilen for å tørke vekk blodet, men ynskjer ikkje å utdjupe dette meir. 28-åringen smiler på bilete, noko kriminalekspert Finn Abrahamsen reagerer på.

– Den trofèaktige poseringa er sjokkerande. Eg kan ikkje bedømme omstenda då bilete vart teke. Fargen på blodet viser at det er ferskt, og spruten styrkar forklaringa om at det vart skote med grovt kaliber på kloss hald, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %