Hopp til innhold

Uvisse om reglar for vannscooter

Forhandlarar og kundar fortvilar grunna uklart regelverk for vannscooter. Regjeringa varsla grundig evaluering i fjor, men kan ikkje garantere at det blir klart til sommaren.

Thorleif Vikre
Foto: NILS JUL LANDE

– Det er litt tidleg å svare på endå. Vi prøver å gjere vurderinga så raskt som mogleg.

Det seier politisk rådgivar Jens Frølich Holte i Klima- og Miljødepartementet.

Det er 10 månader sidan regjeringa varsla ei grundig evaluering av regelverket, kan dei likevel ikkje garantere at det blir klart til i sommar.

Skapar frustrasjon

Tysdag fortalde NRK at vannscooter-forhandlarar i Kristiansand fryktar ei reprise av fjorårets klappjakt på vannscootarar i skjærgråden, grunna det uklare regelverket.

Ein mann frå Søgne blei i fjor tiltalt for ulovleg vannscooter-køyring i skjærgården utanfor Søgne. Men då saka kom opp i Kristiansand Tingrett trakk aktor tiltaleposten som gjaldt ulovleg køyring innanfor 400-metersbeltet.

Dermed fekk ein ingen prinsipiell avklaring på kvar det er tillate å køyre vannscooter i Kristiansandskjærgarden.

Vannscooter-forhandlar Tore Stray Låstad i Kristiansand seier det uklare regelverket skapar frustrasjon i bransjen og uvisse hos kundar.

– Ein veit ikkje kva ein skal seie til folk når det gjeld regelverk og kvar dei kan køyre.

Vil sidestillast med småbåtar

No vil han ei opprydding i regelverket før årets sommarsesong.

– Det er mange som har lyst på vannscooter, men dei tykkjer regelverket er vanskeleg å ta omsyn til.

Låstad vil at vannscooter skal sidestillast med småbåtar, slik ein får ei ryddigheit og ein lik praksis over heile landet.

– Viss vannscootarar kan sidestillast med småbåtar så har dei eit eige regelverk å ta omsyn til. Andre politidistrikt reknar dette som ein småbåt, og seier det dei ser på er fornuftig køyring.

– Mange ulike omsyn

Frælich Holte forstår at vannscooter-køyrarane er utolmodige.

Jens Frølich Holte

Politisk rådgivar Jens Frølich Holte i Klima- og Miljødepartementet.

Foto: BJORN H STUEDAL / www.stuedal.no

– Men dette er også ei sak der det er veldig sterke interesser mot kvarandre, og då må vi gjere veldig grundige vurderingar som kan stå seg over tid. Vi held på med evaluering, og når vi har konkludert så vil alle få god beskjed om det.

Klima- og Miljødepartementet varsla allereie i juni i fjor at dei hadde mottatt tilrådingar frå både Miljødirektoratet, Kystverket og Sjøfartsdirektoratet.

Departementet sa då at dei vurderte å endre regelverket for vannscooterar.

Ti månader seinare – og nokre veker før vannscootersesongen er i gang for alvor – har departementet framleis ikkje rukke å konkludere.

– Vi har både gjennom tilbakemeldingar frå folk og evalueringa sett at vi kan gjere dette klarare. I tillegg har vi sett at dette er eit område der det er mange ulike omsyn som må vegast mot kvarandre, så det er forskjellige interesser i denne saka. Difor går vi no grundig gjennom dette og vurderar endringar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %